Stemte du på framtida?

Kavalkade over året som har gått. Del 4: Haust.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i ein rekordkort valkamp på grunn av 22. juli-åtaka, må ein tilbake til 1991 sist gong like mange brukte stemmeretten i lokalvalet. Mange snakka om ein liten 22. juli-effekt, men fleire kunne ønskja seg endå høgare valdeltaking på vel 63 prosent. 16-åringar som fekk røysta i 20 kommunar og lokalstyret i Longyearbyen var nesten dobbelt så flinke til å nytta stemmeretten som tidlegare førstegongsrøystarar.

Før valet uttala Frank Aarebrot til Framtida.no at eldre veljarar er ”ekle, egoistiske bandittar”. Saka blei referert i fleire media, og Dagbladet tok saka til framsida si nokre dagar etter. Litt seinare i haust presenterte me fersk statistikk som viser at dei eldre blir rikare i rekordfart.

Rett før jul la Trond-Viggo Torgersen fram Ungdommens maktutgreiing. Der fekk han kritikk for å ikkje gå inn for stemmerett for 16-åringar. Nokre dagar før gjekk Kristin Clemet og professor Stein Ringen inn for å gje stemmerett til nyfødde.

LES OGSÅ:

Nytt nettverk vil fornya landbruket

I dag vil 21.000 born døy

Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Viljar vann valet – og livet

– Spel kan kutta skulen med to år

Kjempar mot nynorskhat

Heller lågkarbo enn nynorsk

KAVALKADE 2011: Vinter, Vår, Sommar