– Skuffar om stemmerett
Barneombodet og LNU er skuffa over at Ungdommens maktutgreiing ikkje går klart inn for stemmerett for 16-åringar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ille, seier barneombod Reidar Hjermann om at utvalsleiar Trond-Viggo Torgersen går mot stemmerett for 16-åringar. I dag la Torgersen fram Ungdommens maktutgreiing fram for barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV).
– Eg kan ikkje sjå anna at dei bruker dei same argumenta som blei brukt for å hindra kvinner å ha stemmerett, seier Hjermann. Barneombodet har argumentert sterkt for stemmerett for 16-åringar i lokalval fordi ungdom er storforbrukarar av kommunale tenester.
– Stemmerett for 16-åringar vil tvinga kommunane til å høyra på ungdom. Med dagens stemmerettsalder vil tre fjerdedelar ha slutta på vidaregåande før dei får nytta stemmeretten. Mange av dei har då flytta frå heimkommunen sin, understrekar Hjermann.
LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til babyar
– Svikta mandatet
– 16-årig stemmerett ville vera eit viktig tiltak for å auka påverknadskrafta til unge og skape betre lokalsamfunn for unge. Difor er det eit veldig stort vonbrot at ikkje eit samla utval går inn for dette, seier Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), som representerer 98 barne- og ungdomsorganisasjonar med over ein halv million medlemmer.
Han meiner utvalet har svikta mandatet sitt når utvalet er delt i spørsmålet om stemmerett for 16-åringar.
I forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar i 20 kommunar og i lokalstyret i Longyearbyen nytta 57,3 prosent av ungdommane stemmeretten, medan berre ein tredjedel av dei eldre førstegangsveljarane i andre kommunar har nytta stemmeretten i lokalval.
LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking
– Eg synest ikkje me treng gje ei gruppe noko dei ikkje har kjempa for, seier Trond Viggo Torgersen om stemmerett for 16-åringar. Han meiner det er best om dei som har stemmerett også har høve til å stilla til val.
– Du skal stå for ei gruppe og ikkje berre deg sjølv når du stemmer, la Torgersen til.
– Ungdom har vist at dei brukte høvet til å stemma då dei fekk det, i like stor grad som resten av folkesetnaden. Dette må vega tyngre, seier Østerdal.
Splid i utvalet
Utvalsmedlem Bjarne Dæhli stadfestar overfor Framtida.no at det var stemmerett for 16-åringar og lovfesting av ungdomsråd som det var mest splid om i utvalet.
Seks medlemmar var mot å la 16-åringar få stemma i noko val, fem var for stemmerett i stortings- og lokalval, medan to berre ville la 16-åringane få stemma i lokalval. I tillegg til Torgersen var det fem forskarar som var mot stemmerett for 16-åringar.
SKRIVEKONKURRANSE: Korleis kan ungdom få meir makt over eigen kvardag?
Lysbakken ikkje skuffa
På spørsmål om han er skuffa over utvalet sitt syn på stemmerett, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken dette til Framtida.no:
– Nei, eg er ikkje skuffa. Eg registrerer at det er eit fleirtal stemmerett for 16-åringar i lokalvalet, og at det er usemje om dette spørsmålet – på same måte som det er det i Stortinget og i resten av samfunnet.
LES OGSÅ: 16-åringar er flinkare til å stemma
Han sjølv er tilhengjar av stemmerett for 16-åringar i både lokal- og stortingsval. Rett etter forsøket med stemmerett for 16-åringar i 20 kommunar no i haust, gjekk han ut og sa at det hadde vore ein så stor suksess at det burde innførast i alle kommunar.
Ikkje lovfesting av ungdomsråd
Fleirtalet i Ungdommens maktutgreiing går mot lovfesting av ungdomsråd.
– Det finst veldig mange rare og små kommunar rundt i Noreg, sa Trond-Viggo Torgersen, og meiner lovfesting kan virka som ei sovepute for kommunane.
Mindretalet med Bjarne Dæhli og fire andre medlemmar meiner derimot at ei lovfesting sender eit signal om at ungdom har rett til å delta i politiske prosessar.
– Det vil auka statusen til ungdomsråda, seier Bjarne Dæhli til Framtida.no.
Skeptisk til nasjonalforsamling
Utvalet går ikkje inn for at det blir etablert eit nasjonalt medverknadsorgan av typen Ungdommens nasjonalforsamling, slik Barneombodet og barne- og ungdomsrådet i Oslo har arbeidd for.
– Dei som deltek på det nasjonale nivået vil bli valt ut gjennom fleire ledd og vil difor mest sannsynleg utgjera eit elitesjikt, heiter det i utgreiinga.
– Eg meiner det er best at ein byrjar der ein bur med ungdomsråd. Og det er jo ikkje slik at ungdom ikkje er representert nasjonalt, seier Bjarne Dæhli, og viser til LNU som har tidlegare sjølv har vore leiar av.
Kva synst du om stemmerett for 16-åringar?
Faktaboks
Utvalet foreslår blant anna at:
• det blir innført eit nytt, breitt demokratifag i grunnskulen
• skuleval blir obligatorisk i vidaregåande skule og at det tilrettelagt for skuleval i ungdomsskulen
• fråverskvoten blir auka for elevar i vidaregåande skule og at skulen opnar seg for organisasjonar og politiske parti
• det blir innført nasjonale retningslinjer for ungdomsråd og ein tilskotsordning for kommunar som følgjer retningslinjene
• styresmaktene på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå tek i bruk modellen med ekspertgruppermøter med ungdom med særskilde røynsler
• styresmaktene tilrettelegg for lokale samarbeidsråd for barne- og ungdomsorganisasjonene og at det opprettast eit statleg tilskott for oppfølging av grupper med låg grad av deltaking i organisasjonane
• slettmeg.no blir vidareført i den noverande forma si og blir vurdert styrkt på sikt
• det gjerast ein juridisk utgreiing av høvet for å regulera tredjepartsapplikasjonar si innhenting og nytte av personopplysningar
• personopplysingslova innskjerpar retten til foreldre til å publisera informasjon om eigne born og at lovverket blir gjort kjent for foreldre
• born og synspunkta til unge skal dokumenterast i barnevernssaker og at det lovpålagde tilsynet med barneverninstitusjonar aukar
• det ryddast opp i lovverket når det gjeld plassering av born utanfor heimen og at reglane om inngrep i sjølvbestemming under institusjonsopphold blir tatt inn i lov
• barnevernet får ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkjarar