Nytt nettverk vil fornya landbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han oppmodar norske bønder og politikarar til å satsa på småskalaproduksjon.

Reinert var ein av innleiarane då det nystifta forumet «Nettverk for ny landbrukspolitikk» tysdag inviterte til seminar om norsk landbrukspolitikk på Litteraturhuset i Oslo. Seminaret hadde tittelen «Krisen i norsk landbrukspolitikk – en konflikt mellom gammel og ny forståelse.»

Interessa for temaet var stort. Rundt nitti personar frå fleire kantar av landet hadde møtt fram for å få med seg debatten, mange av dei unge menneske under tretti år.

– Norsk landbruk lir under perfekt konkurranse og fallande prisar i takt med den teknologiske utviklinga, sa Reinert. Perfekt konkurranse vil seia at tilhøvet mellom tilbod og etterspurnad bestemmer kva pris bøndene får for produkta sine.

Ifølgje arrangørane er den norske bonden i dag meir avhengig av tilskot enn nokon gong. Samtidig er gjeldsnivået fem gonger høgare og kostnadene tre gonger større enn inntektene.

– Vi må ikkje dytta inn teknologi i landbruket og tru at vi får stordriftsfordelar, sa Reinert, som streka under at stordriftsfordelane er svært ulike når det gjeld industrien og landbruket.

– Stordriftsfordelane finst, men ikkje på alle nivå, sa Reinert. Han oppmoda i staden til å gjera detaljerte analysar av verdikjeda og kvart einskild produkt.

Sjå til Sør-Europa!
– Vi har framleis strategien frå trettitalet, med samproduksjon for å få opp volumet. Det var rett strategi då, men det er ikkje rett strategi no lenger. No må vi følgja strategien frå Sør-Europa som er å laga nisjeprodukt med spesielle kvalitetar, seier økonomiprofessoren til Nynorsk pressekontor.

I innlegget sitt oppmoda han norsk landbruk til å henta erfaringar frå småskalaprodusentar i Alpane og i Italia og til å utnytta fordelane ved norsk natur. Han peikte på at norske lam som er fostra opp på fjellbeite, smakar mykje betre enn lam som har fått mykje kraftfôr, og at norske jordbær er langt betre enn importerte bær.

KOMMENTAR: God matskikk

– Vi må skapa varemerke og konkurrera på mangfald, ikkje på pris, slo han fast.

– Det vi då må gjera er å skapa unike nisjeprodukt som vinindustrien og bakarane har klart å gjera, utdjupar han overfor NPK.

– Har kjøpekraft
Professoren trur norske forbrukarar er villige å betala for betre produkt.

– Landbruksministeren sa at han åt masseproduserte produkt fem gonger i veka og kvalitetsprodukt to gonger. Eg trur det vil vera slik at folk til ein viss grad definerer identiteten sin gjennom kva dei et, ikkje berre ved å ha ein fin bil, men også ved å eta sunne og eksklusive ting. Der må norske bønder etter mitt syn meir på banen, seier Reinert.

– Manglar distribusjon
Erik S. Reinert meiner det alt finst mange idealistar rundt om i Noreg som lagar gode produkt i liten skala. Problemet er at dei ikkje har noko distribusjonsapparat.

– Det gjeld å ha eit distribusjonsapparat som ein del av infrastrukturen, på same måten som små lokale slakteri er utruleg viktige for skapa kvalitetsprodukt.

– Kva er då den politiske utfordringa?

– Eg meiner Landbruksdepartementet sit att med ei gammaldags forståing, som også er den forståinga som finst i Finansdepartementet. Nokon må ha mot til å ta den debatten, til dømes Per Olaf Lundteigen. Eg synest det er verdt å høyra på han når det gjeld landbrukspolitikk, seier Erik S. Reinert. (©NPK)

Kva meiner du om landbrukspolitikken i Noreg?