Viljar vann valet – og livet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til tysdag blei det klart. Viljar Hanssen (18) er den yngste nokon gong som er valt inn i lokalstyret i Longyearbyen. Han blir ein av sju frå Arbeidarpartiet som er valt inn.

– Det er veldig artig. I tillegg til at me gjorde eit godt val, er eg spesielt glad for at valdeltakinga auka så mykje. 17 prosent auke er eg kjempeglad for. Og også veldig morosamt at me sannsynlegvis får lokalstyreleiaren, og at me difor får sitja i posisjon også.

– Og det er jo mor di som ligg an til å bli leiar av lokalstyret. Korleis blir det å sitja i lokalstyret med ho?

– Det er jo eit høve for meg til å påverka endå meir, ler Viljar.

– Er det nokre spesielle saker du ønskjer å påverka ho på, då?

– Eg er jo valt inn som ungdomskandidat, og ønskjer å ha eit ungdomsfokus. Samstundes har me eit veldig godt program allereie i Arbeidarpartiet som me ungdommane har jobba veldig mykje med.

– Dei viktigaste sakene for meg er utanlandske statsborgarar sine rettar i Longyearbyen, og skulen – at den har mange tilbod og god kvalitet. Problemet for utanlandske statsborgarar er at ein kan bu i Longyearbyen i 18 til 19 år, men likevel har ein budd null år i Noreg. Samstundes så er det opent for alle å slå seg ned.

– Ungdom bryr seg
Framtida.no møtte Viljar i på Ungdomshuset i Longyearbyen i februar i år. Då fortalte han at han var 14 år då han sette seg ned og las partiprogram, og fann ut at han var mest einig med Arbeidarpartiet.

LES OGSÅ: Der ungdom får bestemma

– Eg har alltid vore interessert i å diskutera saker som står i avisa med mamma og pappa, også før eg skjøna at det var politikk eg var interessert i. Eg synst det er fantastisk å veta at ein kan forandra ting, og vera med på å bestemma korleis ting skal vera for å gjera det så bra som mogleg for alle, fortel han no.

– Korleis vil du påverka partiet ditt når det gjeld stemmerettsalder? Då eg spurte Jens Stoltenberg om dette for nokre år sidan, sa han at den burde følgja myndigheitsalderen.

– Eg trur at folk er ganske delt på dette. Men eg trur at det vil hjelpa å visa til resultat: visa at 16-åringar bryr seg og at dei er gamle nok til å bestemma sjølv. I tillegg til å visa til andre land som har det. Det er positivt at me har hatt ei prøveordning. Det er eit andre steg på vegen, og eg trur det vil vera villigheit etter kvart.

Han synst det er artig at ungdom under 18 år har vore flinkare enn dei over 18 år til å bruka stemmeretten i lokalvalet.

Klar for å dra tilbake
22. juli var Viljar på Utøya.

– Eg blei skoten fem gongar rundt om kring, så det var jo ikkje så bra, seier han, og ler litt forsiktig.

– Men eg har jo kome meg veldig fort. Eg blir skrive ut frå sjukehuset på torsdag, og er klar til å dra tilbake til Svalbard igjen. Så det er artig.

– Formen din virkar veldig bra. Korleis er helsa di?

– Den er veldig bra i forhold til korleis han var, og han kjem til å bli endå betre. Eg er ganske mykje meir pigg enn eg var før, i starten. Og eg har mykje meir energi. Nesten like mykje som vanleg. Og det går berre oppover.

– Og elles har eg mista eit par fingrar og eitt auge – og så er skuldra mi øydelagt.

Rådgjevar for Knut Storberget
På 18-årsdagen sin, 4. august, fekk Viljar besøk av justisministeren.

– Då var eg akkurat vakna frå koma, og han kom innom. Han sa til meg at når eg blei frisk, så skulle eg få vera med han på jobb og vera hans nordområderådgjevar.

Storberget trudde først det kunne ta eit år før Viljar blei frisk nok. Men måndag var forma god nok.

– Eg laga programmet han skal ha neste gong han kjem til Svalbard. Eg trur det blir bra. Det blir ein litt anna innfallsvinkel enn han har hatt før.

– Han skal få møta ungdom på fleire arenaer, og så skal me snakka om beredskap. Om Svalbard i beredsskapssamanheng for Arktis. Og så blir det litt om kunst – det er fleire kunstnarar som bur på Svalbard. Det blir artig.

– Nytta du høvet til å nemna situasjonen for utanlandske statsborgarar i Longyearbyen?

– Ja, det har eg nytta høvet til å formidla fleire gonger.

Har skjøna kor viktig politikk er
Etter han vakna frå koma fekk han høyra om korleis folk i Noreg hadde reagert. Om rosetoga, og om kor mykje kjærleik alle kunne visa.

– Det å høyra og sjå den støtta og samhaldet som heile Noreg har fått, det er kjempebra, og har vore viktig for prosessen med å bli betre. Det med at folk er der for kvarandre. Heile Noreg er berørt av dette. Det å sjå at folk er bra med kvarandre, det er viktig for dei som var der og dei som ikkje var der.

– Og så synst eg – eg er no ingen rojalist – men eg synst Kongen har gjort ein flott jobb, i tillegg til at statsministeren har vore fantastisk, og regjeringa òg.

– Har det som har skjedd gjort at du får endå meir lyst til å driva med politikk?

– Det spørsmålet har eg fått fleire gonger. Nei, eigentleg ikkje. Eg har like lyst til å driva med politikk både før og etter. For meg er det berre byrja på han igjen etter ein pause. Men eg ser jo no endå betre kor viktig det me driv med er, og kor viktig det er med eit fungerande demokrati. Så eg har ikkje fått meir lyst, men eg har skjøna endå meir viktigheita av det.

Han fortel at AUF og Arbeidarpartiet har blitt som ein familie nummer to oppi alt som har skjedd.

– Me er faktisk 6-700 stykke som har opplevd noko så sinnsjukt. Det er godt at me er fleire som kan snakka saman, sjølv om alle har forskjellige historier, og me ikkje var på den same staden på øya heller.

– Kvar var du?

– Eg var på oversida av teltleiren – i ein skråning.

– Var du åleine, eller var du med dei andre frå Longyearbyen?

– Nei, me var nesten heile Troms saman, i tillegg til mange fleire. Kring 30 stykke, men eg hugsar berre eit par ansikt.

– Politiet gjorde det dei kunne
– Det er mange som snakkar om korleis politiet takla det som skjedde. Kva meining har du om dette?

– Eg meiner at politiet gjorde akkurat det dei kunne. Det blei snakka om fem-seks gjerningsmenn der ute. Og eg synst dei var kjappe og tok han raskt. Det var det som var det viktige. Det er veldig lite konstruktivt å snakka om politihelikopter. Han hadde eit veldig kraftig våpen. Politiet må vera nokså sikker på kva dei går til. Det er jo menneske som er på jobb. Og så må eg seia at eg er veldig takknemleg til alle dei frivillige som køyrte rundt og henta folk i båtar. Dei har gjort ein utruleg god jobb, og fortener anerkjenning for det. Dei har nok redda veldig mange liv.

Intervjua i klimabok
Saman med andre ungdommar i Longyearbyen har Viljar blitt intervjua i den nye boka til Sigrid Sandberg Meløy, Klimaboka, som nyss er gjeven ut på Samlaget.

– Korleis er det å ha medverka i ei bok?

– Det er flott, og i alle fall når det er så bra som det eg har lest til no. Det er eit tema eg er kjempeinteressert i – det er nordområda og det er klima.

– I boka nemner du at teknologi er ei løysing på klimaproblema, men at folk også må redusera forbruket sitt. Kva er viktigast?

– Eg prøver å seia at ein må byrja med seg sjølv, for få ned eit forbruk som spinn ut av kontroll. Samstundes så er me kome såpass langt, og me har ikkje fått opp augo for det, at ein nesten må stola på at teknologien kan hjelpa oss. Sjølv om mange tvilar på dei menneskeskapte klimaendringane, så er det veldig få som eigentleg gjer noko med det – anna enn å bruka store fine ord. Sjølv det gjer ikkje at me får opp augo. Då lurer eg på kva som må til. Må folk få vatn inn i stova si før ein skjønar kva som skjer? Samstundes er det veldig interessant å bu her i Nordområda. For me ser klimaendringane før mange andre. Difor må me også fortelja om dei.

– Korleis merkar du klimaendringane?

– Det blir jo meir ustabile vintrar. I januar var Longyearbyen den varmaste staden i Noreg. Og så merkar me jo at isen smeltar. Det er det mest synlege.

– Er miljø og klima ei sak du er spesielt interessert i?

– Ja, seier Viljar, men drar litt på det – før han smiler:

– Men, ikkje i kjempestor grad. Ikkje i super-AUF-grad. Det er ikkje ein av dei største hjartesakene. Eg må vera ærleg på det.

– Du har nemnd nokre lokale saker, men kva er hjartesakene dine i Noreg og elles i verda?

– Å, det er… Eg har alltid vore interessert i internasjonale konfliktar. Det å jobba for å for å skapa ei betre verd internasjonalt er viktig – veldig stort også – sjølvsagt, men det er aldri for stort. I tillegg tenkjer eg igjen Nordområda. Nordområda er igjen ei hjartesak.

– Og no smeltar isen, og det blir meir skipsfart…

– Ja, det har opna fleire mulegheiter på Svalbard. Det er jo klart det. Med den auka skipstrafikken vil det også bli behov for ein auka beredskap.

Draum om plass i politikken
– Har du lyst til å bli på Svalbard resten av livet?

– Nei. Eg trur at Svalbard er ein stad det er veldig bra eit par deler av livet ditt. Det er ikkje eit livsløpssamfunn. Så når eg skal studera, så vil eg flytta til Tromsø eller Bergen eller ein annan stad i verda. Men eg kjem tilbake ein gong. Det er eg heilt sikker på.

– Kva tenkjer du å utdanna deg innan?

– Eg trur det blir statsvitskap.

– Eg trur studietida blir ei bra tid. No får eg litt lenger tid på meg til å bestemma meg. Men eg er ganske sikker på at det blir noko samfunnsfagleg.

– Og jobb – kva tenkjer du om det? Blir det noko innan politikken?

– Eg har jo ein slags draum og eit mål om å bli politikar, og jobba med det på heiltid. Men samstundes så veit ein ikkje kva tida bringer.

Klar for biff på Huset
Torsdag dreg han til Tromsø, og neste veke dreg han til Svalbard. 25. oktober møter han for første gong som folkevald i verdas nordlegaste lokaldemokrati – lokalstyret for Longyearbyen.

– Tenkjer du framover no?

– Ja. Tidlegare var fokuset å bli betre. No er det å koma tilbake til kvardagslivet. Byrja på skulen. Vera med venner. Driva med politikk – og no også på ein ny arena. Og det er jo veldig fint. Eg trur det blir ein viktig del av det å bearbeida det som har skjedd. Det å ta kvardagslivet tilbake.

LES OGSÅ: Styrer ungdomshuset sjølv

Viljar byrjar i tredjeklasse på vidaregåande, men planlegg å ta sisteåret over to år.

– Om eg føler det går bra, så tek eg fleire fag – kanskje alle. Eg tek tida til rådvelde.

– Det vil sikkert vera travelt å vera med i lokalstyret også?

– Ja, det vil det. Og så er eg jo framleis litt skadd også. Eg er ikkje heilt bra enno.

– Kva skal du gjera den første veka du kjem tilbake?

– Då skal eg vera mykje med vennane mine, og eta mykje god mat. Det skal bli biff på Huset. Ingen tvil om det! Så kjem konstitusjonsmøtet til lokalstyret, så det blir mykje å gjera der. Og så blir det tilbake til skulen.

– For å seia det sånn: Eg gler meg til å grua meg til ein prøve. Eg gler meg til å koma tilbake for å ha ein kvardag igjen.