– Sentraliseringa pressar nynorsk i skulen
2 % færre nynorskelevar enn for ti år sidan.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sentraliseringa pressar nynorsk
I skuleåret 2011/12 har kun 12,9 % av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål.
– Sentraliseringa i byane pressar bruken av nynorsk i skulen, jamvel på Vestlandet. I eit internasjonalt perspektiv er nynorsk skriftkultur svært robust seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
533 000 grunnskuleelevar bruker bokmål og 79 000 nynorsk. Over halvparten av bokmålselevane bur på Austlandet, men ni av ti nynorskelevar bur på Vestlandet. Berre i Sogn og Fjordane utgjer nynorskelevane ein større del enn for ti år sidan. Fire av ti kommunar har nynorskelevar, og ti kommunar har minst 10 % fleire nynorskelevar enn i 2001/02.
Prosentauke berre i Sogn og Fjordane
På Vestlandet utgjer nynorskelevane ein mindre del av alle elevane i både Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal enn for ti år sidan. Tilbakegangen er størst i Rogaland. Sogn og Fjordane er det einaste fylket med større prosentdel nynorskelevar enn for ti år sidan.
På Austlandet har talet på nynorskelevar i skulen minka mykje i Telemark og Buskerud. Også i sørlandskommunane har tilbakegangen vore stor sidan 2001, og no er det svært få nynorskelevar i Trøndelag og Nord-Noreg.
Stor nynorskvekst i ti kommunar
Nynorskelevane bur over heile landet. Berre Nord-Trøndelag og Finnmark er utan nynorskelevar dette skuleåret. 139 av 430 kommunar har nynorskelevar i skulane sine, men mange stader utgjer nynorskelevane no små grupper. – For ein del elevar er det blitt vanskelegare å bruke nynorsk enn det var for ti år sidan, meiner Ottar Grepstad.
Mange kommunar har raude tal, men ti kommunar har over 10 % fleire nynorskelevar enn for ti år sidan. Dette er Etnedal i Oppland, Evje og Hornnes i Aust-Agder, Audnedal i Vest-Agder, Bokn og Vindafjord i Rogaland, Modalen i Hordaland, og Ulstein, Giske, Sandøy og Stordal i Møre og Romsdal.
Folkeflyttinga har meir å seie enn folkerøystingane
Det siste tiåret har det vore gjennomført 45 lokale folkerøystingar om opplæringsspråket i skulen. Grepstad meiner at resultatet av desse folkerøystingane berre kan forklare ein mindre del av endringane i bruken av nynorsk i skulen.
– Det som slår mest ut, er sentraliseringa innanfor kommunar, fylke og landsdelar, og den store folkeveksten i regionar som Oslo- og Stavanger-områda, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.