Yousef jublar for statsborgarskap
Regjeringa endrar lova som gjer at fleire tusen statslause born endeleg kan få pass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Yousef Shamari har budd i Noreg i 14 år, og like lenge har han vore statslaus.
I dag fekk han møta barne-, likestillings- og diskrimineringsminister Audun Lysbakken (SV) og Heikki Holmaas (SV) på Stortinget. Der fekk han gladbeskjeden han har venta på.
Både han sjølv og småsøskena hans, som er fødd i Noreg, får norsk statsborgarskap.
– No er eg berre veldig, veldig glad og utruleg takknemleg! seier Yousef Shamari.
Kronikk gjorde inntrykk
Rett før valet skreiv Yousef ein kronikk på Framtida.no om korleis det å vera statslaus. Korleis det er å ikkje kunne dra på skuletur til utlandet eller få stemma.
«For meg er det veldig trist å tenke på at jeg ikke har samme rettigheter som andre ungdommer på min alder», skreiv han.
– Audun Lysbakken sa til meg at han hadde lese kronikken min, og at den gjorde inntrykk. Då blei eg berre heilt sett ut, seier Yousef glad.
LES KRONIKKEN: Hva betyr det lille røde passet?
Gjeld fleire tusen born
I fjor var det 900 born som fekk avslag på norsk pass. Fleire tusen flyktningeborn har dei siste åra blitt nekta pass fordi foreldra ikkje har gode nok identifikasjonspapir.
1. desember gjekk Barneombodet ut mot regjeringa, og sa at det var uakseptabelt at det bur statslause born i Noreg, og spurte kvifor det hadde tatt over to år sidan høyringsfristen for avklaring av situasjonen for statslause born gjekk ut, utan at noko hadde skjedd.
No, to veker etter, endrar regjeringa lova.
– Som barne- og inkluderingsminister er eg glad for at fleire barn og unge med tilknyting til Noreg no kan bli norske statsborgarar. Statsborgarskapet gjev fulle rettar i Noreg og bidreg til at innvandrarar og borna deira får sterkare tilhørsle til Noreg, sa Audun Lysbakken til TV2 Nyhetene klokka 21.
Faktaboks
Dei nye reglane vil gjelda:
• born som er fødd i Noreg og som er registrert i Folkeregisteret
• søkjarar som kom til Noreg som mindreårig og har ein forelder med klar identitet
• søkjarar som var under 14 år ved innvilga opphaldsløyve og som har hatt opphald i Noreg i fem år
• søkjarar som var mellom 14 og 17 år ved første opphaldsløyve og som har opphald i Noreg med opphaldsløyve i 10 år
Kjelde: Regjeringa/TV2