Berre halvparten er nøgd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

95 prosent av lærlingane er motivert for å lære på arbeidsplassen, viser lærlingundersøkinga som er gjort av Fafo og Nifu på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.

Skuleopplæringa dei fekk som førebuing til læretida, er berre halvparten nøgd med.

– Yrkesopplæringa har heilt opplagt nokre manglar, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) til Klassekampen.

Prosjektleiar for lærlingundersøkinga, Torgeir Nyen ved Fafo, trur Kunnskapsløftet er ein årsak til at så mange er misnøgd med yrkesskulen.

– Kunnskapsløftet har introdusert veldig breie yrkesfag. Eg trur det kan medverke til at elevane ikkje kjenner seg godt nok førebudd til læretida, seier Nyen.

95 prosent av lærlingane er motivert for å lære på arbeidsplassen, men berre 59 prosent av dei er motivert for å lære på skulen. Halvorsen viser til at mange som vel yrkesfag er skuleleie i utgangspunktet, uansett kvalitet på skulen, og at motivasjonen difor er stor for å kome seg ut i praksis og inn i arbeidslivet. Ho vil difor gjere skuletida meir praktisk.

– Blant anna har vi sett i gang ei forsøksordning med praksisbrev, der elevar kan vere fire dagar i praksis i bedrift og éin dag på skulen, seier Halvorsen. (©NPK)

Kva meiner du skal til for å gjera yrkesfag meir motiverande?