– Uakseptabelt at born er statslause

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yousef Shamari er 17 år. I fjorten år har han budd i Noreg, men på grunn av identitetstvil som han har arva frå foreldra sine får han ikkje norsk statsborgarskap. Han er ein av hundrevis av born som bur i Noreg som er statslause. Barneombodet reagerer:

– Det er uakseptabelt at det bur statslause born i Noreg, seier barneombod Reidar Hjermann til P4.

Hundrevis av born og unge har venta i fleire år på svar om dei må forbli statsløse.

– Forferdeleg
Tidlegare i haust fortalde Yousef Shamani om situasjonen sin i ein kronikk på Framtida.no.

– For meg er det veldig trist å tenkje på at eg ikkje har same rettar som andre ungdommar på min alder, skreiv han mellom anna.

LES KRONIKKEN: Hva betyr det lille røde passet?

Til P4 seier han dette om situasjonen sin:

– Det er heilt forferdeleg, det skjærer kvar gong eg tenkjer på det eller snakkar om det, seie Shamari.

Han er ein av mange born som opplever problem ved det å vera statslaus. Då bestemora hans døydde hadde han ikkje høve til å reisa i gravferda hennar i utlandet. Han kan ikkje reisa på besøk til resten av familien som ikkje bur innanfor grensene i Noreg. Han har heller aldri kunna reise på skuletur til utlandet.

Har venta i sju månader
For over to år sidan gjekk høyringsfristen ut for eit forslag om avklaring av situasjonen for dei statslause borna. Enno er det ikkje kome nokon konklusjon. Barneombodet sendte i april i år brev til Barne-, familie- og inkluderingsdepartementet og etterlyste saka.

– Det er tydelig at det er ein stor skuff der borte der ting forsvinn ned i og me veit ikkje kva som blir gjort, seier Hjermann til P4.