Siger for studentar i utlandet

Fleirtalet i utdanningskomiteen på Stortinget vil gje 1-årsstudentane i BRIK-landa studiestøtte.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studér gratis i utlandet

– Dette er ein viktig og etterlenga siger for ANSA og utanlandsstudentane, konstaterer ANSA-president Kristiane Roe Hammer.

ANSA har i fleire år jobba for at det skal gjevast studiestøtte til studentar som tek førsteåret av ein bachelorgrad i USA og ikkje-vestlege land. Desse landa har fireårige bachelorgrader, og studentar har til no berre fått stipend og lån frå Lånekassa i tre av åra.

Dei som har ynskt å ta ein bachelorgrad i desse landa, har måtta fullfinansiere heile første året sjølv.

Få studentar – men viktige land
No har fleirtalet i utdanningskomiteen på Stortinget bede Kunnskapsdepartementet i ein merknad til statsbudsjettet for 2012, om å gje full støtte til studentar ved utvalde læresteder i dei såkalla BRIK-landa, Brasil, Russland, India og Kina.

Dette vil gjere det lettare for norske studentar å studere i land som er av stor tyding for Noreg.

– Dette er noko ANSA har jobba for lenge, og vi er utruleg glad for å få gjennomslag for BRIK-landa. Vi har lenge meint at det å gje studiestøtte til førsteåret av bachelorgraden er viktig for å få fleire studentar til desse landa. Til dømes er det berre åtte norske bachelorstudentar i Kina, og ingen i India, seier Roe Hammer.

Til samanlikning har næringsminister Trond Giske (Ap) tatt til orde for at det bør vera mellom 1000 og 3000 norske studentar i verdas nest største økonomi, Kina.

Enno eit stykke igjen
– Dette er eit stort og viktig skritt på vegen, og ANSA er svært nøgde med at det vil bli mogleg for fleire å studere i BRIK-landa. Neste skritt vil vere å gje støtte til førsteåret av studium òg i andre land som er strategisk og økonomisk viktige for Noreg, som Japan, Chile, Argentina, Malaysia og USA, meiner Roe Hammer.

Det er foreslått at det skal gjevast støtte til studium ved lærestader som figurerer på internasjonale rangeringslister. ANSA meiner slike rangeringer er svært forskningsbaserte, og dermed ikkje eit godt verktøy å bruke for å bedømme kvaliteten på bachelorgradar. ANSA meiner det må gjevast støtte til alle NOKUT-godkjende lærestader i utlandet for å sikre studentane fritt studieval.

– I dag er vi veldig nøgde med at regjeringa har gjort det mogleg for fleire å studere ved nokre læresteder i BRIK-landa, men i morgon skal ANSA fortsetje å jobbe for fritt studieval. Vi har vunne første etappen, og vi gjev oss ikkje før vi er heilt i mål, understrekar Roe Hammer i ei pressemelding.