Sjukt irriterande

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Sjukt irriterande

Det er naturligvis svært freistande for ein sarkastisk kar som meg å skrive om SV-statsråd Audun Lysbakkens handlingsplan om likestilling.

SV er trass alt eit lite parti som alltid prøver å meine alt som er rett, men som likevel ofte ikkje eingong er enig med seg sjølv. Og det er ganske imponerande å vere så splitta når ein er så liten.

Og Audun Lysbakken er trass alt ein mann som allereie har tatt avstand frå det han sjølv stod for som ung. Og det er ganske imponerande å ta avstand frå seg sjølv som ung når du er så ung som Audun Lysbakken.

Og ikkje minst: Likestilling er trass alt eit tema som får mange til å skrive meiningslaust usaklige ting i kommentarfelta på nettet. Og det er som kjent ingenting vi som jobbar i aviser heller vil enn å få mange til å skrive meiningslaust usaklige ting i kommentarfelta på nettet.

Så det er klart det er freistande.

Men eg skal for ein gongs skuld ikkje gjere det lett for meg sjølv.

Eg skal ikkje skrive om SV-statsrådens handlingsplan om likestilling. Eg skal skrive om debatten etterpå. Det vil seie: Eg skal skrive om eit ord som blei brukt i debatten etterpå.

Debatten etter handlingsplanen var som debattar etter handlingsplanar flest. Opposisjonen var ikkje imponert. Opposisjonen er aldri imponert. Det er sikkert derfor folk har lyst til å sitte i regjering. Etter ein del år i opposisjon blir du nok lei av å aldri vere imponert.

Det einaste gleda du har i opposisjon, er å variere måten du er negativ på. Finne på fiffige negative formuleringar som kanskje kan bli siterte, og som du kanskje til og med klarer å framføre i ein og annan debatt utan at det ser altfor innøvd ut.

Ein av opposisjonspolitikarane hadde tydeligvis tenkt ut ei slik formulering til debatten om Lysbakken-handlingsplanen. Ho sa at planen var designa for Grünerløkka-pappaen.

Dette er interessant.

Grünerløkka er som du sikkert veit ein plass. Nærmare bestemt ein plass i Oslo. Her blir denne plassen brukt som eit skjellsord. For sidan dette blei sagt av ein opposisjonspolitikar, så kan vi trygt gå ut frå at Grünerløkka-pappa ikkje er meint som ein kompliment.

Vanligvis er det ikkje akseptert å bruke ein plass som eit skjellsord. Det finst klare reglar for slikt. Du kan skjelle ut din eigen heimplass. Men viss nokon andre seier noko stygt om heimplassen din, då er det ikkje greitt. Vi finn oss ikkje i at folk frå andre bygder snakkar stygt om bygda vår. Og vi finn oss ikkje i at folk frå andre byar snakkar stygt om byen vår.

Men mindre det handlar om Grünerløkka, tydeligvis.

Det er vanskelig å sjå for seg at ein politikar ville sleppe unna med å bruke andre plassar som skjellsord:

«Regjeringa ønsker tydeligvis at kjernefamiliar i Gudbrandsdalen skal ha det bra.»

«Regjeringa lagar ein politikk som kjem mødrer frå Bø til gode.»

«Denne handlingsplanen er skreddarsydd for familiar frå Fåvang.»

Så kvifor fungerer akkurat Grünerløkka som skjellsord?

Sannsynligvis fordi Grünerløkka er ein plass som også mange utanfor Oslo kjenner til. Og som mange forbinder med – tja, sånne som Audun Lysbakken.

Som aller kan høyre, så kjem ikkje Lysbakken frå Grünerløkka. Kven gjer vel det? Ikkje veit eg om han bur på Grünerløkka heller. Ikkje veit eg om eg har lyst til å vite kvar han bur heller. Det er uansett ikkje poenget. Det er nok at han kanskje bur der, at folk tenker at han bur sikkert der. Uansett kvar han er frå og kvar han bur, Lysbakken er mentalt frå Grünerløkka. Som alle andre som er under førti og ikkje går i joggedress til kvardags. Som alle andre som ser ut som dei trivst i by og i sine eigne kroppar og har fått kaffelatten inn med morsmjølka. Du kan vere trøndar eller stril, bergensar eller døl, og likevel mentalt vere frå Grünerløkka, dersom du er typen som ser ut som du kan finne på å gå med eit pappkrus på gata på veg til eller frå ein eller annan sjukt utfordrande jobb, eller på veg til eller frå eit eller anna sjukt spennande kulturtilbod saman med den sjukt aktive kjernefamilien din.

Og slike folk kan vere sjukt irriterande.

Så det denne opposisjonspolitikaren eigentlig sa var: Sånne som Audun Lysbakken kan vere sjukt irriterande.

Men det går det jo ikkje an å seie. For då framstår du som ei klyse.

Og det var jo det motsette som var meininga.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten.