Få klisterhjerne til eksamen

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.06.2017 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oddbjørn By er tidlegare hugsemeister, og har blant anna skrive boka «Memo – den enkleste vegen til ein betre eksamen». Han påpeikar at ingen – sjølv ikkje verdseliten i hugs – kan hugse alt av pensum på eitt semester, men at det heller ikkje er nødvendig. Det ein må gjere er å velje ut det viktigaste, og prøve å hugse det i staden.

– På den måten er førelesingane verdifulle. Då får ein eksperttips, og førelesaren vil som oftast gå gjennom det som sannsynlegvis vil kome på eksamen.

Lag assosiasjonskart
Dersom eksamen er om cirka ein månad, meiner By at det første ein må gjere er å vurdere kva som er det viktigaste i pensum, og lage ein visuell reiserute gjennom eit område som ein kjenner godt, og knytte assosiasjonar til ting på vegen opp mot det som skal hugsast. Då sit ein igjen med ein visuell reiserute som ein kan «gå» under eksamensdagen. Dette blir kalla for Memo-teknikken.

– Fordelen med teknikken er at viss ein skal hugse 200 ting til eksamen, og går gjennom det kvelden før, så veit ein nøyaktig kva som må terpast meir på. Terpinga kan ein gjere kvar helst.

For å hugse børskrakket i 1929 eksemplifiserer By at ein kan ha ulike rom i eit hus – til dømes besteforeldra dine – som symboliserer eit tiår. Viss stova symboliserer åra 1920-29, kan ein sjå for seg ein børsmegler med ein øks i stova til bestemor, sidan eit nitall kan sjå ut som eit slags øks.

Ingen vidunderkur
By påpeikar at teknikken ikkje er ein vidunderkur, og at ein må forstå faget ein les for å kunne hugse. Likevel kan Memo-teknikken vere eit nyttig verktøy for å hugse detaljar ein elles ikkje ville kunne hugse, og koble ny kunnskap meir effektivt.

– Hugsen er skapt til å hugse bilete, ikkje tekst, forklarar By.

Berit Gaaserud, rettleiar i Studentrådgjevinga hos Studentskipnaden i Bergen (SiB) har halde ei rekkje kurs om studieteknikk, og oppfordrar studentane til å sjølv finne ut kva for ein læringsteknikk som passar dei best.

Lær av idrettsutøvarane
– Det finst ingen A4-mal for kva som er den beste studieteknikken for alle studentar. Studentar må jobbe med å finne læringsstrategier som fremjar læring, seier ho.

Likevel trur ho at studentane kan lære mykje av idrettsutøvarar.

– Idrettsutøvarar er opptekne av progresjon og framdrift. Dei jobbar målretta og deler opp dagane sine i økter, og er flinke til å setje opp mål som dei oppnår, seier den erfarne kurshalderen.

Det er hugseguru By heilt samd i.

– Det er viktig med høgt tempo og god intensitet på leseøktene. Les ein for sakte kan ein plutseleg sitja og tenkja på damer i staden for pensum, seier han.

Hopp i det
Oddbjørn By starta hugsekarriera si då han var 22 år. Det betyr at det slett ikkje er for seint å ta i bruk hugsen i stor skala.

– Rådet mitt er å hoppe i det og teste ut alternative hugseteknikkar, og sjå kva som skjer. Ikkje vent, ein kjem ingen stad utan å prøve.

LES SAKA I STUDVEST!