Stereotypiane om studentane ved BI og Markedshøyskolen blir stadfesta i ei fersk undersøking.

Hans J. Skjong og Jenny Gudmunsen/Universitas
Hans J. Skjong og Jenny Gudmunsen/Universitas

I levekårsundersøkinga for studentar, utført av Statistisk sentralbyrå (SSB), kjem det fram at studentane på Handelshøgskolen BI og Markedshøyskolen drikk mest, les minst, får mest pengar heimefrå og bryr seg minst om studentpolitikken.

– Dette er jo forferdeleg skremmande, men ikkje det minste overraskande. Dette beviser jo berre at det ikkje har skjedd nokre endringar i arbeidsinnsatsen til studentane trass i arbeidsmål og kvalitetsreform som er innført, seier tidlegare studierektor ved BI, Aage Sending.

I 2005 vart han nekta å undervise ved BI etter at han uttalte at halvparten av studentane ved BI ikkje kunne nokon ting.

– Frasen «ansvar for eigen læring» er vorte meir innhaldslaus enn nokosinne, og det gjeld for andre høgskular og universitet òg, seier han.

– Lettare å kome inn
Sending trur rekrutteringa av studentar kan ha noko å seie om kvifor BI og Markedshøyskolen skil seg negativt ut i arbeidsinnsats.

– Det er lettare å kome inn på desse institusjonane, med stort sett opne studium, seier han.

Samfunnsgeograf og førstelektor ved Markedshøyskolen, Karl Fredrik Tangen, meiner forventningar om framtidig arbeid er avgjerande for studentane si arbeidsmengde.

– Studerer ein til dømes litteraturvitskap har ein eit behov for å rettferdiggjere at ein studerer mot ei usikker jobbframtid med høve for personleg utvikling. På BI eller Markedshøyskolen forventar studentane ein jobb der dei skal tene gode pengar. Då er det lettare å vere pragmatiske og ikkje leggje ned meir arbeid enn det som trengst for å få vitnemålet som skal sikre jobben, seier Tangen.

Han seier det er ein fare viss studentane trur dei er kundar som kjøper ei vare og ikkje menneske som vel eit studium.

– Trur dei i tillegg at kunden alltid har rett, og i dette tilfellet skal fôrast med kunnskap, vil dei læra lite, meiner Tangen.

Drikk mest
Òg på alkoholfronten kjem studentane dårleg ut. Heile 51 prosent av desse studentane har følt seg tydeleg rusa to til tre gonger eller oftare per månad, mot berre 37 prosent av universitetsstudentane.

– Eit intensivt alkoholmarinert sosialt liv heng saman med aldersmessig homogenitet og, for Markedshøyskolen sin del, at små klassar og tydeleg organisering gjer skulen til ei forlenging av vidaregåande, seier Tangen.

Nesten éin av fire studentar på BI- og Markedshøyskolen er tydeleg rusa éin gong i veka eller oftare, mot berre éin av åtte universitetsstudentar.

Pappa betalar
BI- og Markedshøyskole-studentane mottek òg mest pengestøtte frå den næraste familien. 43 prosent av desse studentane mottek i gjennomsnitt 17 587 kroner i året frå familien for å dekkje løpande utgifter. Dette er over 4000 kroner meir enn det universitetsstudentene får heimefrå.

– Når BI-studentar får pengar heimefrå dreier det seg om at foreldre hjelper born når dei må betale skulepenger. Hadde dei berre vore bortskjemt ville dei ikkje òg jobba mest, seier Tangen.

BI- og Markedhøyskole-studentane skil seg òg negativt ut når det gjeld kulturkonsum. Berre 31 prosent av studentane har lese fem utanomfaglege bøker eller meir det siste året. Tilsvarande tal for universitetsstudentane er 51 prosent, medan omtrent 40 prosent av høyskolestudenter har lese fem bøkar eller fleire.

Svekkjer ikkje omdømmet
Divisjondirektør i Manpower Professional Finance, Ingjerd Birkelund, rekrutterer mange sisteårs masterstudentar frå BI. Det har ho berre gode erfaringar med, og ho trur ikkje dei ferske talane vil svekkje omdømmet til BI.

– Viss kandidatane får gode karakterar, har tilleggserfaring og kompetanse, og har den rette haldninga til arbeidslivet, er det tilstrekkeleg. Lesinga i seg sjølv er ikkje ein suksessfaktor, det handlar meir om kva ein brukar kunnskapen til, meiner Birkelund.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE