Er humoren til vestlendingane løynd under overflata? Eller ler det av dei same som i resten av landet?

Vestlandshumor har i alle fall vorte eit omgrep. Tidligare leiar i Nobelkomiteen, professor Ole Danbolt Mjøs, tok til orde for eit professorat i vestlandshumor.

Agnes Ravatn meiner vestlendingane ler av andre ting enn dei aust for fjella, og har skildra vestlandshumoren som meir mørk og melankolsk.

Samstundes ser vestlendingane lyst på tilværet, og i Bergen vil fem karar lage ei festframsyning. For byfolk og strilar, vestlendingar og bokmålsbrukarar.

Går så det grin
– Me starta i 2007, med ei hyllest til språket og til Ivar Aasen. Det går framleis veldig bra med nynorsken, så me vil nok ein gong gje ei handsrekking til dei stakkars sidemålsbrukarane. Altså dei som bruker bokmål, seier Arvid Ones, som er regissør for Vestlandsrevyen 2.

– Her på Vestlandet, går det jo så det grin. Det er her det skjer, og me trur at dei slit austpå, forklarer Arvid.

Denne vestlandske lukka, vert det revy av. Med Olav Stedje, Ragnar Hovland, Claus Sellevoll, Halvor Flogerø og Finn Tokvam på scenen, og premiere i Bergen på Logen Teater 10. november.

Råare
Arvid meiner det kan vera kulturelle skilnader mellom Austlandet og Vestlandet. Han meiner at han sjølv er kulturskadd, med å vera fødd på Austlandet og ikkje ha dialekten. Og humoren på Vestlandet, den har meir og fara med.  

 – Vestlandshumoren er ein eigen. Den har større tyngde og er råare, fortel regissøren.

Underfundig
– Vestlandshumoren nok meir underfundig, den har mindre kjappe replikkar. Kanskje er den meir påverka av britisk humor, enn humoren elles i landet, seier Finn Tokvam, som står på scenen i Vestlandsrevyen 2.

Han peikar og på melankolien, på smerta og lengselen i vestlandshumoren.

– På Vestlandet lyt det vera litt vondt for å vera godt.

Eigne ambassadørar
– Det kan vera litt vanskeleg å få aksept, som tilreisande komikar på Vestlandet. Det kan verka som om vestlendingen er lokalpatriotisk og likar sine eigne ambassadørar best, fortel Christer Torjussen. Han er komikar, har farta Noreg rundt og prøvd å underhalde siddisar, bergensarar, oddingar og måløyværingar.

– Om ein ålesundar til dømes harselerar med mentaliteten i byen, karikerar den typiske ålesundaren som gjerrig, skeptisk og sta, så ler dei godt av det. Kjem ein hovudstadskomikar og prøver det same, kan det fort gå gale, seier Christer.

Elles trur Christer trekkjer og fram den sterke revytradisjonen, som generer mykje lokal og god humor.

– Vestlendingane har det jo ikkje så gale, og dei ser ganske lyst på ting, seier Christer.  

Like
Komikaren elskar lokal humor, tufta på hendingar, sosiolekt og kultur.

– Men når alt kjem til alt, så er nok vi nordmenn ganske like. Vi et den same maten, ser dei same tv-programma, har det same språket og den same kulturen, stort sett. Difor kan vestlendingen le like godt av noko som ein austlending, fortel Christer.

– Eg har aldri hatt problem med å få vestlendingar til å le, men det er kanskje fordi humoren min går på kostnad av meg sjølv og ikkje av dei, avsluttar han.

Også karane i Vestlandsrevyen 2 er klare.

– Vi er heilt sikre på at vi kan få austlendingar til å le, seier dei.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

Kommentarar

ANNONSE