Noreg toppar FN-liste – i år igjen

Men vi blir slått av svenskane i likestilling. Kongo ligg på botnen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det best å bu i verda

FNs utviklingsprogram, UNDP, rangerer kvart år 187 land etter helsetilstand, utdanning og inntekt blant innbyggjarane. Noreg, Australia, Nederland og USA ligg på dei fire første plassane.

I årets rapport vurderer UNDP også sosiale skilnader og likestilling. Noreg ligg på topp når sosial skilnad blir teke med i vurderinga, mens USA rasar nedover på lista.

Med justering for likestilling er det derimot Sverige som kjem på topp, tett følgt av Nederland og Danmark. Noreg kjem på sjetteplass i denne rangeringa, som samanliknar kvinner og menn og tilgangen deira til helsetenester, skulegang, deltaking i arbeidslivet og i politikken.

Det arabiske landet Jemen kjem nedst på lista.

Det er svært store skilnader mellom landa øvst og nedst på indeksen, dei fleste i Afrika sør for Sahara. Men og dei fattigaste landa har opplevd ei klar forbetring av helse, utdanning og inntekt dei siste åra, slår UNDP fast.

Samstundes har inntektsskilnadene blitt større. Klimaendringar og miljøskadar kan stoppe den positive utviklingstrenden i dei fattigaste landa i verda og i verste fall sette utviklinga tilbake, åtvarar FN-rapporten. Miljøfaktorar som vassforureining og tørke er skuld i halvparten av all underernæring på verdsbasis. (©NPK)

Er det for mykje klaging over korleis ting står til her i Noreg?