– Vegkaos hindrar breiband

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ei open høyring på Stortinget i dag gav IKT-Norge klar beskjed om at den viktigaste hindringa for bygging av breiband med høg fart rundt i landet, er styresmaktene sjølv.

Ifølgje Hallstein Bjercke, direktør IKT-Norge, vil ei ny forskrift i veglova gjera det tre gonger så dyrt å byggja breiband med høg fart.

– Mange kommunar har dessutan forbod mot framføring i luft. Dette nidoblar framføringskonstnadene, sa Bjercke til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget i dag. Det vil i så fall bety at det er trong for 137 milliardar kroner i statsstøtte.

Kabel utan graving
– Det er kaos ute i marknaden i dag, og store forskjellar mellom kommunane. I Skedsmo må grøftene vera på over ein meter, medan kravet i Kragerø berre er ti centimeter, sa Per Morten Hoff, generalsekretær i IKT-Norge.

Han viste til Canada der det i dag er tillete å skjera hol i asfalten og leggja breibandet ned, og gummi oppå – utan noko graving.

Treng støtte
Viss breibandaktørane får det som dei vil, vil det vera behov for 7 til 13 milliardar – for å byggja ut breiband med høg fart i område der det elles ikkje er kommersielt grunnlag for å byggja ut.

Då ønskjer dei også at styresmaktene bruker fleire av dei ledige frekvensane på blant anna UHF-bandet – den såkalla digitale dividenden.

Kva meiner du må gjerast for å gje breiband med høg fart til heile landet?