Politiet vil fjerna ungdomsspriten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politiet vil ha ungdomsspriten vekk frå hyllene.

– Polet er i ferd med å endra drikkemønsteret til ungdom. Å tilby ungdom sprit frå dei er 18 år, er ei oppmoding om å drikka seg «dritings». Eg kan ikkje forstå at det er oppgåva til Vinmonopolet, seier politioverbetjent Kari-Janne Lid ved vald- og sedskapsavsnittet i Oslo politidistrikt til Dagsavisen.

Vinmonopolet tilbyr ifølgje avisa 51 ulike sprittypar med ein alkoholprosent opp mot 22 prosent. På fire år er salet av den såkalla ungdomsspriten dobla. Lid er uroleg for effekten denne typen sprit har på ungdom, spesielt unge jenter.

– På sprit og drinkar «slår dei ut» på ein mykje lågare promille enn om dei hadde drukke vin og øl. Med tanke på kva alvorlege konsekvensar det får, burde Polet stoppa salet av ungdomsspriten, seier Kari-Janne Lid.

Pressesjef Jens Nordahl ved Vinmonopolet seier det er opp til styresmaktene eventuelt å endra regelverket.

– At politiet er uroleg, ser vi på med djupt alvor. Den aktøren som kan gjera noko med dette, er Helsedirektoratet, og vi oppmodar dei til å sjå på saka, seier Nordahl. (©NPK)

Kva meiner du? Bør 18-åringar framleis få kjøpa sprit med låg prosent?