Grønare med førarlause bilar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grønare med bilar utan sjåfør

For første gong har tyske forskarar fått lov til å la ein bil styra på eigenhand gjennom gatene i Berlin. Datamaskinar styrer gass, brems og ratt. Ein presis GPS viser kvar bilen er til ei kvar tid, og ved hjelp av ei rekkje sensorar følgjer bilen med på trafikken. Dette gjer at bilen kan unngå hindringar, tilpassa farten og endra køyrefiler når det skulle passa.

Bilen har rett nok ikkje køyrt heilt åleine. Ein av forskarane har passa på, og vore klar til å gripa inn viss noko skulle bli faretrugande. I løpet av den første prøvehelga køyrte bilen gjennom 46 lyskryss utan problem. Fargekamera passa på.

AutoNOMOS Labs frå Freie Universität står bak prøveprosjektet. Formålet er å utvikla teknologi som kan bli brukt til å hjelpa sjåførar med køyringa, og til dømes bremsa opp viss bilen framfor bremsar opp. Men teknologien kan også bli brukt til å la bilar få køyra heilt på eigenhand.

Saka held fram under!

– Vil bli sikrare enn menneske
Professor Paul Rojas er leiar for prosjektet, og meiner sjølvstyrande bilar kan bli brukt på private vegar. Han meiner at det ikkje vil ta meir enn ti til femten år før ein sjå slike bilar på offentlege vegar. Men både lovverk og ekstra tryggleik må til, ifølgje han.

– Tryggleiksstandarden for slike bilar vil vera mykje strengare enn for bilar køyrt av menneske, men så snart alle brikkene fell på plass vil førarlause bli sikrare enn bilar køyrt av menneske. Det er berre eit tidsspørsmål, seier han.

Grønare og færre bilar
AutoNOMOS Labs meiner prosjektet deira kan gjera transport meir miljøvennleg. Byting av bilar har ikkje tatt av fordi ein må henta bilen ein stad lenger vekke enn ein kunne ønskja seg. Men viss bilen kan køyra sjølv, så blir det mykje enklare.

LES OGSÅ: – Bilen må rattet frå menneska

Framtidas bilar vil henta eigarane sine, og køyra dei til arbeidsplassane sine eller kollektivknutepunkt. Kombinert med offentleg transport, meiner forskarane at Berlin vil klara seg med berre ein tidel av bilparken sin. Forskarar frå Stanford-universitetet i California viser til at førarlause bilar også vil utnytta vegane to til tre gonger meir effektivt enn i dag, sidan bilane kan køyra tettare enn den menneskelege reaksjonstida kan tillata.

Er det på tide å få bilar som køyrer sjølv? Korleis trur du me vil reisa i framtida?