– Gledeleg med auke til nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk kultursentrum får 2,2 millionar kroner meir i framlegget til statsbudsjett for 2012. Pengane skal brukast til vidare utvikling av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og det nasjonale Språkåret 2013. I alt får Nynorsk kultursentrum 14,5 millionar kroner neste år. Det er 18 prosent meir enn i år, medan det samla budsjettet for Kulturdepartementet aukar med 4,6 prosent frå 2011.

– Det er svært gledeleg at regjeringa i eit stramt statsbudsjett satsar på Språkåret 2013 og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Dette er pengar som vil kome mange til gode, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Auken til Hauge-senteret er ein fin motivasjon for Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad til å følgje opp.

2013 som nasjonalt språkår
På oppdrag frå regjeringa utviklar Nynorsk kultursentrum no ein plan for 2013 som eit nasjonalt språkår. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna. Dette dobbeltjubileet skal bli grunnlaget for ei raus og myldrande feiring av språkmangfaldet i Noreg.

– Prosjektleiar Jens Kihl og ei styringsgruppe under leiing av Grete Riise er svært godt i gang, seier Ottar Grepstad. Kulturdepartementet får prosjektplan og prosjektbudsjett i januar.

Pengar til drift, men ikkje investering i Ulvik
Statsbudsjettet inneheld ikkje investeringsmidlar for Hauge-senteret.

– Ulvik herad har gjort huset klart, og vi har fått dei første investeringsmidlane frå fylkeskommunen. Før vinteren er omme, vonar vi at stat, fylkeskommune og kommune er blitt samde om fordeling av både investerings- og driftsmidlar til Hauge-senteret i framtida, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding.

Nynorskpakke og statsstipend
Det Norske Teatret, Nynorsk Pressekontor og nynorskstøtta i Norsk kulturråd er blant dei tiltaka som får vesentleg meir neste år. Samarbeidsorganet Nynorsk Forum la i vinter fram ein dokumentasjon som viste at regjeringa Stoltenberg har brukt ein mindre del av kulturbudsjettet til nynorsktiltak enn regjeringa Bondevik gjorde.

– Det overraska nok både oss og kulturministeren, seier Ottar Grepstad. I sommar la nynorskmiljøet fram eit felles prioriteringsforslag til statsbudsjettet.

– Mykje der blei teke til følgje, men meir må gjerast. Særleg gjeld det Norsk Ordbok, meiner Grepstad.

– Vi gler oss også stort over statsstipend til Edvard Hoem. Det kjem norske boklesarar til å få mykje att for.

Fosse-arkivet er neste prosjekt
Neste store prosjekt for Nynorsk kultursentrum er Jon Fosse-arkivet. Planen ligg der i eit avslutta forprosjekt som fekk tverrpolitisk tilslutning. Det står att å finne rette staden for arkivet.

– Hordaland Teater planlegg ei nynorskscene i Bergen. Det kan vere ein aktuell stad også for Fosse-arkivet, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.