Kryssar fingrane for utdanningsløft
Om vel ei veke kjem statsbudsjettet for 2012. Ønskelistene til studentar og rektorar er nøkterne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kryssar fingrane for utdanningsløft
Finansminister Sigbjørn Johnsen har varsla eit stramt budsjett for 2012, men i utdanningssektoren har rektorar så vel som studentar forhåpningar for den store dagen 6. oktober. Dei vil alle ha ein bit av kaka.
Studentvelferd – tapt sak igjen?
Frå studentpolitikarar lokalt som nasjonalt ropast det – i år som i fjor – om auka studiefinansiering. Regjeringa har vedteke at den er for heiltidsstudenten, men Kim O. Kantardjiev, leiar for Norsk studentorganisasjon, ventar endå på at ord skal bli til handling.
LES MEIR: Studielånet er så mykje mindre verdt
I eit stramt budsjett vedgår han likevel at regjeringa nok vil prioritere andre utdanningssaker – igjen.
– Det er nok ikkje realistisk med elleve månaders studiestøtte i dette budsjettet, men det er ikkje dermed sagt at det er ei tapt sak, seier han.
Meir realistisk er det heller at regjeringa vil følgje opp den tidlegare politikken sin om å bygge studentbustader og auke talet på studieplassar.
LES MEIR: Rekordmange vil studera
– Men då må dei også auke grunnløyvingane til sektoren slik at det ikkje går utover kvaliteten på utdanninga, understrekar Kantardjiev.
Fryktar for forskinga
Frå kontoret sitt på Nygårdshøyden fryktar Sigmund Grønmo, rektor ved UiB, for forskingsbudsjettet. På grunn av låg rente er det venta at løyvingane til Forskingsfondet blir redusert med omlag 700 millionar frå 2012 til 2014.
– Det er viktig at regjeringa kompenserer for dei tapte pengane, og at nye løyvingar har same innretning som tidlegare, slik at vi framleis kan støtte den frie og grunnleggande forskinga.
LES MEIR: Forskar med flaskepost
Utover dette har rektoren ønskje om både studentvelferd og fullfinansierte studieplassar, men er ingen optimist før neste års stramme budsjett:
– Regjeringa skal ha honnør for ambisjonane i Soria Moria, men har nok eit stykke igjen før dei når måla, seier Grønmo.
– Må rette opp
Henning Warloe (Høyre) er tydeleg på kva han ønskjer seg 6. oktober.
– Auke i basisløyvingane til universiteter og høgskular og realvekst i forskingsbudsjettet, skriv stortingspolitikaren på SMS.
– Dette er i alle fall det som er nødvendig for å rette opp i uheldig utvikling dei siste par åra!
LES HEILE SAKA I STUDVEST! (på bokmål)
Kva må til for å betre studiekvardagen? Diskuter!