Lanserer språkpris for barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lanserer språkpris for barn

Saman med Forskingsrådet lanserer Språkrådet dette skuleåret ein språkpris for barn.

Prosjektet blir arrangert som ein del av den årlege konkurransen til Forskingsrådet for barn, Årets nysgjerrigper, der barna får forska sjølv.

– Tanken med språkprisen er at barna skal utforska språklege emne spesielt, seier fungerande prosjektleiar i Nysgjerrigper, Knut van der Wel, til Nynorsk pressekontor.

– Naturlege språkforskarar
Knut van der Wel håpar at prisen skal vera med å gjera barn nyfikne på språk og bruken av språk.

– Alle barn er jo naturlege språkforskarar, så eg trur prisen vil bidra til mange spennande rapportar i Årets nysgjerrigper 2012, seier han.

LES MEIR: Tankar om språk

Også Språkrådet håpar på god respons.

– Vi håpar at så mange som råd vil hiva seg på konkurransen, seier informasjonssjef Svein Arne Orvik i Språkrådet.

Mange innfallsvinklar
For dei som vil prøva seg som språkforskarar er det mange innfallsvinklar. I kriteria for språkprisen heiter det:

«Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne blir utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller tilhøvet mellom norsk og andre språk. Vi brukar språk anten vi les, skriv eller snakkar. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å visa korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det,» heiter det i kriteria frå juryen.

LES MEIR: Eg vil sjå språket mitt i avisa mi!

Frå arrangørane blir det streka under at språk inngår i alle fag, og at det er mogleg å få Nysgjerrigpers språkpris uansett kva skulefag elevane arbeider med.

Fristen for å levera inn den språklege forskingsrapporten er 1. mai. Vinnaren blir kunngjort i juni og kan sjå fram til ein premie på 5.000 kroner. (©NPK)