På måndag går norske elevar ved over 700 skular til streik mot lekser. Dette bør øydelegge myta om uengasjert ungdom ein gong for alle.

Ein slitsom valkamp er nettopp over. Eit av temaene som har blitt diskutert før og under valkampen er politisk engasjement, og særleg engasjement blant ungdom. Mange forventa ein rekordstor valdeltaking etter 22. juli, men dette skjedde ikkje. Sett i samanheng kan leksestreiken seie mykje om engasjement og kvifor dette uteblei.

Fire av ti stemte ikkje ved valet. Dette er eit uttrykk for ein grunnleggjande skepsis til det norske demokratiet, og ikkje eit manglande engasjement blant ungdom. Leksestreiken beviser dette. Raud Ungdom har tilrettelagt for streiken, men det er ungdom sjølv som har gjort jobben med å organisere streik på sin skule. Responsen på streiken har vore enorm. 155.500 er med i facebookgruppa «Ja til leksefri skole». 45 000 elever deltar på leksestreiken på Facebook. Aktivister frå over 700 skuler har registrert seg for å organisere streik på sin skule. Dette visar at det politiske engasjementet fins blant unge. Ungdom engasjerer seg og jobbar for politisk endring når dei opplever at det betyr noko.

Mange beskylder ungdom for å vera late, og å berre bli med på leksestreiken fordi dei er leie av lekser. Dette er ein virkelighet eg ikkje kjenner meg att i. Ungdom har reflekterte meiningar om lekser. Mange er enige med oss. Mange likar ikkje lekser, men ynskjer likevel å ha det. Andre opplever lekser som noko positivt. At så mange elever deltek på leksestreiken er difor eit uttrykk for eit ektefølt politisk opprør mot noko elever opplever at ikkje funker.

LES OGSÅ: Storstreik mot lekser i skulen

Forsking visar at denne opplevinga er reell. Lekser gjer at karakterer går i arv, fordi ungdom får forskjellig hjelp heime. Nokon har foreldre som arbeidar ettermiddag og kveldsskift, som kanskje er innvandrarar og ikkje kan godt norsk. Andre har foreldre som sjølv er utdanna lektorar og som lever av å undervise elevar. Ein naturleg konsekvens av dette er at lekser aukar klasseskillene i skulen.

Lekser fungerer for eit mindretal av elevene, men for dei fleste har det veldig lite læringsutbytte. Det er urettferdig å tvinge alle elevane gjennom noko som ikkje virkar. Dette har Raud Ungdom innsett. Dette har norske elever innsett. Neste veke skal denne leksestreiken sørge for at regjeringa og utdanningsminister Kristin Halvorsen óg får høyre om dette. Forhåpentlegvis vil dei óg innsjå at framtidas skule er leksefri.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32
ANNONSE