– Difor bør det vera karakter i sidemål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vurdering er eit fellesomgrep som handlar om karakterar og eksamen, presiserer direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad overfor Nynorsk pressekontor.

Men han vil ikkje blande seg inn i diskusjonen som har vore kring sidemål og vurdering.

– Eg vil ha ein open diskusjon kring opplæringspolitikken og tykkjer det er uheldig å konkludere med kva som er den beste eksamensforma. Det har ikkje eg føresetnader for å gjere.

Opprydding
Grepstad vil først og fremst ta grep om faget.

– Først må me rydde i norskfaget, auke timetalet og gjere norskfaget til eit norskfag att. Så må me ta følgjene av at ingen er utlærde i norskfaget i ein alder av 19 år, sa Grepstad.

Sju punkt
Han lista vidare opp sju punkt for å forme eit godt grunnlag for opplæring i skriftleg nynorsk og bokmål.

Grepstad vil at kvar elev skal få moglegheit til å bli best mogleg i sitt eige hovudmål. Bokmålselevar kan gjerne få meir opplæring i å lese nynorsk enn nynorskelevane får i å lese bokmål. Han vil også at kvar elev får meir skriftleg opplæring i både hovud- og sidemål i både ungdomsskule og vidaregåande. I tillegg meiner han at bokmålselevar bør få meir opplæring i skriftleg nynorsk, og nynorskelevar mindre opplæring i skriftleg bokmål.

I lista fokuserer han også på at innvandrarar får høve til fullgod integrering gjennom tilpassa opplæring i nynorsk og bokmål. Han meiner også at høgskular og universitet bør innføre eit kort språk- og kulturhistorisk kurs om nynorsk og bokmål for alle studentar og som lærarstudentar pliktar å følgje. I punkt sju avsluttar han med å peika på behovet for etterutdanning i nynorsk.

Ottar Grepstad vil ha ei stoltheit inn i opplæringspolitikken.

– Den stoltheita skapar me gjennom forståing for fleirtalet, respekt for mindretalet og vilkårslaus styrking av skriftleg opplæring.

Ambisjonar
Grepstad er tydeleg på at nynorskbrukarane også må tåle diskusjonar om skriftspråket om nynorsken skal bli eit samfunnsberande språk.

– Kva som er dei beste utvegane for å få det til, må kunne diskuterast. Då kan ikkje nynorskbrukarane halde fram med å tru at all kritikk av nynorskopplæringa er kamuflert motstand mot nynorsk. Det føreset at kritikarane viser evne til å argumentere prinsipielt og truverdig for verdien av den språkdelte norske kulturen, sa Grepstad. (©NPK)