Blir utnytta i praksis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For sjukepleiestudentar utgjer halvparten av studiet praktisk opplæring ved helseinstitusjonar. Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) skriv på sine nettsider at studentar i utdanningspraksis ikkje skal brukast som ordinær arbeidskraft. Likevel har ei rekkje studentar fortalt Universitas at dei blir brukt som ekstra kapasitet der dei har vore i praksis. Blant anna skal studentar ha vorte tilkalla for å erstatte sjuke tilsette. Dei færraste ynskjer å stå fram med fullt namn.

Utnytta som arbeidskraft
Julie Røstad Kvam går tredje året på sjukepleia ved HiOA. Ho er ein av få studentar som tør å kritisere utdanningspraksisen utan å vere anonym. Kvam meiner ho vart utnytta av praksisstaden for at dei skulle spare pengar.

– Eg følte at eg vart utnytta som arbeidskraft. Viss det var roleg, noko det stort sett var, så sende dei ofte heim dei fast tilsette, fordi «studentane er jo der», fortel Kvam.

Då ho skulle ha praksisutdanning innan psykiatri, vart ho plassert på eit alderspsykiatrisk sjukehus. Dei sjukaste pasientane, blant anna schizofrene, såg ho aldri noko til, sjølv om ho var i psykiatrisk praksis.

– Det var stort sett mat og stell, fortel ho.

Både under sjukeheimspraksis og psykiatrisk praksis kan ho fortelje om sviktande rettleiing.

– Eg gjekk mykje åleine, og eg hadde ansvaret for pasienten min åleine i åtte veker, fortel ho. Kvam understrekar at ho er svært nøgd med sin noverande praksisplass på Rikshospitalet.

Lærte ingenting
Line Jonassen går tredje året på sjukepleia ved HiOA. Ho er heller ikkje begeistra over praksisstudiene. Då ho skulle gjennomføre praksismodul i heimesjukepleie, fekk ho i staden plass på eit sjukeheim, der ho hadde vore i praksis året før.

– Kva lærde du om heimesjukepleie i praksisen?

– Ingenting, eg gjorde akkurat det same som eg gjorde første året i praksis. Det var ikkje heimesjukepleie i det heile, det var ei vanleg avdeling for eit sjukeheim, seier Jonassen.

– Man forventar jo å få dei praksisplassene som det står i fagplanen at vi skal få, seier ho.

Jonassen fryktar at mangelfull praksis kan gå ut over tryggleiken til pasientane.

– Dei studentane som fekk ein relevant praksis for heimesjukepleie, kan jo mykje meir om heimesjukepleie enn eg kan. Det er skummelt å tenkja på at ein utdannar sjukepleiarar som ikkje heilt veit kva dei gjer, seier ho.

Uklare roller
Normalt skal alle sjukepleiarstudentar i utdanningspraksis ha ein rettleier på praksisstedet som er ferdig utdanna. Då Jonassen var i praksis på det andre året sitt, måtte ho sjølv vere rettleier for yngre studentar.

– Eg fekk ikkje tildelt rettleier frå praksisstaden. Då var det vanskeleg å vita korleis eg skulle bli vurdert i praksisperioden. Rollane var rett og slett uklare, seier ho.

– Pasienttryggleiken truga
Anna Mohn Sneve er leiar for studentdelen av Norsk sykepleierforbund (NSF)og representerer over 10 000 sjukepleiarstudentar. Ho reagerer kraftig når Universitas fortel om røynslene til studentane.

– Studentane skal ikkje overta vegleiingsansvaret som sjukepleiarane på praksisstedet skal ha, seier Sneve og viser til Rammeplanen for sjukepleiarutdanninga. Ho meiner at dårleg oppfølging av praksisstudentene er eit utbreitt problem.

– Mangelfull rettleiing fører til at studentane ikkje lærer det dei skal. Vi meiner ein bør ha vore sjukepleiar i minst to år før ein får vere rettleiar for sjukepleiarstudentar i praksis.

Leiaren for NSF Student kan fortelje at dette ikkje er unike enkeltsaker, men problem som gjeld mange sjukepleiarstudentar.

– Vi ser at skulane gong på gang bryt rammeplanen fastsett av Kunnskapsdepartementet. Studentane får praksisplassar som er irrelevante, og vegleiarane frå skulane er ikkje nok til stades, seier Sneve. Ho meiner at mange nyutdanna sjukepleiarar difor manglar den naudsynte kunnskapen dei treng i arbeidslivet.

– I verste fall går det ut over pasienttryggleiken, seier Sneve.

LES MEIR I UNIVERSITAS (på bokmål)!