På veg mot eige parlament

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag møttest éin ungdom frå kvart fylke til Noregs første Ungdommens Representantskapsmøte i Oslo Rådhus. Dette er eit viktig ledd i skipinga av Ungdommens nasjonalforsamling som vart starta i fjor haust.

Sidan historias første Ungdommens nasjonalforsamling på Eidsvoll i fjor, har Nasjonalt Ungdomspanel jobba med at nasjonalforsamlinga skal bli noko årleg og liggja som eit rådgjevande organ for Stortinget.

– Det ser ut til at vi no blir ein realitet og at Ungdommens Nasjonalforsamling blir oppretta. Det er fatta eit vedtak i Stortinget sitt presidentskap som seier at det blir oppretta eit ungdommens parlament, noko som vi no blir. Dette er akkurat det me ynskt og me skal no fortsetja eit tett samarbeid med Stortinget om kva som skal blir gjort framover, seier Vetle Wang Soleim, leiar i Nasjonalt Ungdomspanel.

LES OGSÅ: Her er dei fem viktigaste sakene!

Kor gamal?
Møtet vart opna av leiar i Nasjonalt Ungdomspanel, Vetle Wang Soleim. I løpet av dagen fekk ungdommane utveksla erfaringar, og ein fekk gå gjennom forslaget til vedtekter. Desse skal vedtakast av Ungdommens Nasjonalforsamling til neste år.

– Dette har vore ein veldig bra dag. Vi har gått gjennom forslag til vedtekter og fått mykje innspill på dei vidare arbeid, seier Vetle Wang Soleim.

Under gjennomgangen av vedtekene blei det debatt om aldersgrensene for å bli valt til Ungdommens nasjonalforsamling på mellom 13 og maks 19 år i valåret.

– Eg skulle verkeleg ønskja at grensa var høgare, sa Hildegunn Rye frå Hedmark. I fleire Ungdommens fylkesting er den øvre aldersgrensa 25 år.

– Eg trur det vil bli vanskeleg å få Stortinget med på ei så pass høg aldersgrense, sa Heidi Fuglesang frå Nord-Trøndelag.

Ungdommens nasjonalforsamling skal representera alle ungdommar mellom 13 og 20 år i alle fylka.

Vedtekene er tenkt bestemt på neste Ungdommens nasjonalforsamling om eitt år.

Viktig for ung deltaking
Barneombud Reidar Hjermann og førstekonsulent Mariann Klingberg frå Stortinget deltok òg under møtet. Hjermann påpekte at Ungdommens nasjonalforsamling er veldig viktig for høvet for ungdom til å delta.

– Er det éin ting eg håpar skal bli gjennomført før eg går av som barneombud, er det akkurat det at Ungdommens Nasjonalforsamling skal bli oppretta, sa han.

LES OGSÅ: Fyller hol i demokratiet

Mariann Klingberg håpar no på eit tett samarbeid med Nasjonalt Ungdomspanel og ser veldig positivt på arbeidet ungdommane har lagt ned.

– Dette er veldig positivt og me skal jobba vidare med dette no i prosjektgruppen som er nedsett for å opprette eit slikt ungdomsparlament. Me ser veldig fram til å samarbeida med Nasjonalt Ungdomspanel framover, avsluttar Klingberg.