Her er dei fem viktigaste kampsakene

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei fem viktigaste kamp- sakene

I dag, tysdag, er siste dagen for Ungdommens nasjonalforsamling. Klokka 12 i dag var resultatet av avrøystingane klare. Den viktigaste saka dei unge representantane blei samde om, er å sørgja for ei fast organisering av medverknadsorgan for unge både i kommunar, fylke og nasjonalt.

– Dette er den viktigaste saka. Me må sørgja for å ha eit organ som kan ta tak i alle dei andre sakene som er viktige for unge, sa Anders Kristiansen frå Troms.

Vetle Wang Soleim frå Smøla i Møre og Romsdal blei valt til leiar av interimstyret for Nasjonalt ungdomspanel.

Møtte rikspolitikarar
Tysdag fekk ungdommane møta stortingspolitikarar og andre leiande politikarar frå fleire parti. Der fekk politikarane gode argument for å oppretta ungdomsråd i alle kommunar.

– Eg har vanskar med å forstå at ikkje alle kommunar har ungdomsråd, svara Helge Solum Larsen, nestleiar i Venstre.

Elles på ønskjelista står utgreiing om kollektivtrafikken, heving av aldersgrensa for vaksenbillett til 18 år, obligatorisk førstehjelpsopplæring i skulen og fråversreglar som gjer det lettare å engasjera seg politisk.

– Å dra dei lokale spørsmåla opp på eit nasjonalt nivå, det er veldig spennande, Christina Ramsøy (Sp), og røpa at fråversreglar og førstehjelp er blant dei sakene som det kan vera lettast å få gjennomslag for.

Historisk
Ungdommar frå heile landet har vore samla frå søndag for å gje innspill til regjeringa og Stortinget. Måndag 20. september var dei på historisk grunn på Eidsvoll.

Det er berre tre fylke som ikkje sender representantar til Nasjonalforsamlingen. Dei som er representert med to delegatar og dessutan ein ledsager er Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Hedemark, Rogaland, Nordland, Møre- og Romsdal, Oppland, Troms, Finnmark, Vest-Agder, Vestfold, Buskerud, Hordaland, Telemark, Oslo og Akershus.

– I tillegg til å få gjennomslag for eigne saker, er målet å vise styresmaktene korleis dei kan leggja til rette for medverknad for barn og unge på eit nasjonalt nivå, seier barneombod Reidar Hjermann. Saman med Barne- og ungdomsrådet i Oslo er han initiativtakar til den første nasjonalforsamlinga for ungdom.

Faktaboks

Her er dei fem sakene som blei prioritert øvst:
– Organisering av medverknadsorgan for unge både i kommunar, fylke og nasjonalt.
– Alt fråvere skal på vitnemålet, men i kategoriar.
– Obligatorisk førstehjelpsundervising i skulen
– Heva aldersgrensea for barnebillett fra 16 til 18 år
– Grundig utgreiing av kollektivtilbod i heile landet

Ungdommens nasjonalforsamling blei arrangert etter initiativ frå Barneombodet og Barne- og ungdomsrådet i Oslo.