– Språket er det største hinderet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ålingane er vanskelege å forstå, og syner liten interesse for å delta på aktivitetar me dreg i gang, seier innvandrarar i Ål.

Måndag inviterte dei Ål-politikarane til møte på Qué Pasa. Overskrifta var integrering, og ein kom stadig attende til språk og møteplassar.

– Kvifor lærer me bokmål når me bur i ein nynorskkommune, ville Kenneth Rosenzweig veta. Frps Ida Marie Holen var raskt på banen med å slå fast at det er unødvendig med to skriftspråk, og at alle innvandrarane burde få all skriftleg informasjon frå skular og kommune på bokmål. Aps Harald Varlid meiner snarare at ein kan lære nynorsk i staden for bokmål på norskkurs.

SVs Gerd Ljønes Brunsvold forklarar valet av bokmål i norskundervisinga med at ein manglar gode læreverk på nynorsk.

Rosenzweig seier det kan vera vanskeleg å få jobb når ein ikkje kan nynorsk, og dessutan er det ikkje lett å forstå hallingdialekten når ein berre har lært bokmål.

– Eg jobbar om dagen. Kvar skal eg lære norsk, spør ein polsk arbeidsinnvandrar. Norskopplæringa går føre seg på dagtid, og kveldskursa i språk er ikkje gratis for arbeidsinnvandrarar. Dette var ei nyheit for dei fleste politikarane, som ivrig noterte.

Det er låg valdeltaking blant ikkje-vestlege innvandrarar.

Når ein har vore folkeregistrert i Norge i tre år kan ein stemme ved kommune- og fylkestingsval. Ein treng ikkje vera norsk statsborgar, slik ein må for å stemme ved stortingsval. Dei flest av dei som møtte på Qué Pasa på Ål måndag har ikkje stemmerett i år, men det var likevel nyttig å få ei innføring i det politiske systemet i Norge.

Mange innlegg handla om at ein manglar møteplassar der ein kan lære å prate norsk saman med nordmenn. Som ei jente sa: Det viktigaste for oss er ikkje å tene pengar, men å bli integrert.

– Det er få aktivitetar for ungdom, seier Amin Ahmadi. Sjølv om han og fleire andre har prøvd å dra i gang noko møter ikkje nordmenn opp. Slik blir det ikkje god integrering av.

Ahmadi har budd i Norge i to og eit halv år, og kan ikkje stemme ved dette valet. Han er likevel oppteken av politikk, og er ein av initiativtakarane til snakk-norsk-gruppa som måndag inviterte politikarane til møte.

Dei færraste partiprogramma i Ål seier noko om integrering, men måndag kveld fekk politikarane fortelje direkte til innvandrarane kva partia står for.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!