Vil leggja til rette for motiverte elevar
Steffen Falkevik (V) svarar på spørsmål om korleis han vil leggje til rette for ein betre skule.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korleis kan ein motivere elevar til å fullføre vidaregåande opplæring?
– Eg trur eg vil korrigere litt her, det handlar ikkje å motivere eleven, men leggje til rette for motiverte elevar, for at vi skal få til dette må fleire faktorar på plass, òg utanom skulen. Første prioriteten må vere gode og kompetente lærarar som er motiverte og engasjerte. Lærarevaluering vil òg vere med på at læraren kan få større sjølvinnsikt og tilpasse seg til gode undervisingsforhold. Lærarbyråkratiet må byggjast ned, slik at læraren kan vere lærer og ikkje papirflyttar.
– For det andre må helsesystemet på plass, spesielt psykiatrien, ungdom må få psykisk helsehjelp når dei treng det, dette er ein stor hovudårsak eller medverkande årsak til at ungdom fell ut frå undervisinga.
– Det tredje som må på plass er ein sterkare og meir kompetent rådgjevarteneste som kan hjelpe ungdom til å velje rett yrke.
– Og sist, men kanskje viktigast, vi må utfordre elevane på eit nivå som er tilpassa dei, og ikkje gjennomsnittet i elevmassen. Nokre elevar treng meir hjelp og må få det, andre må få meir utfordring og må få det.
Korleis kan ein skaffe fleire lærlingplassar, og bør retten til lærlingplass lovfestast?
– Retten til lærlingplass må ikkje lovfestast, dette er å ta seg vatn over hovudet og overstyre private, frie føretak. Men det finst ei rekkje måtar å få fleire lærlingplassar på, den første måten er gjennom å halvere eller helst fjerne arbeidsgjevaravgifta på lærlingar, det gjer den økonomiske belastninga på bedriftene dramatisk mindre og vil ikkje avskrekke føretak som ynskjer å vere læreplass. Den andre er å opprette fleire lærlingstillingar i det offentlege, dette gjeld hovudsakleg helsesektoren. Det tredje er å gje oppstartstilskot til nye lærebedrifter.
Kva skal ein gjere for dei som står utan læreplass på kort sikt?
– Retten til eit år på vidaregåande skule i staden for lærlingtid må utvidast til to. Og oppfølgingstenesta må styrkjast og i større grad samarbeide med NAV om arbeid.
Kvart år vel tusenvis av elevar ”feil” linje på vidaregåande, og må velje om att året etter. Kva kan ein gjere for at elevane vel rett i fyrste omgang?
– Det viktigaste er å styrkja rådgjevartenesta og sørgje for at alle er profesjonsutdanna til å vegleie elevar til å gjere rett val. Skulen bør opprette eit rådgjevarteam der lærar, ekstern rådgjevar og om eleven ynskjer det, føresette er representert og kan hjelpa eleven. Vidare bør førebuinga til å søkja på vidaregåande utdanning starte tidlegare enn han gjer i dag. Eit anna tiltak er å utvide hospiteringa og òg opne for at elevar kan hospitere i føretak som arbeider med det dei kan tenkja seg.
Kva må gjerast for å sikre at elevane får reell tilpassa opplæring?
– Fleire lærarårsverk, fleire spesialpedagogar til å hjelpe dei som treng det, og i større grad opne for hopping i trinn avhengig av kompetanse og fag. Slik at ein 8. klassing kan ha 10. klassematematikk. Eit anna høve er at klassene blir delt inn etter kompetanse og ikkje alder, dette kan frigjer ressursar til meir hjelp til dei som slit, og større utfordringar til dei som meistrar.
Mange elevar må betale store summar for utstyret dei brukar på skulen, særskild på yrkesfag. Kva kan gjerast for å ivareta gratisprinsippet?
– Stipenda skal vere behovsprøvde som i dag, men i større grad stå i tilhøve til utdanninga, slik at utdanningar som krev dyrt utstyr får meir i grunnstipend.
Mange opplev at eksamen er ein urettferdig måte å bli vurdert på ved slutten av skulegongen. Kva kan gjerast for at vurderinga blir rettferdig?
– Eksamen er ei stikkprøve for å kontrollere at eleven har lært og forstått det som står i læremåla. Men prøvene kan bli betre ved at dei blir anonymisert og blir vurdert objektivt av ekstern sensor. Ein kan òg gjere prøveprosjekt kor ein får tilgjenge til alle hjelpemiddel(eks. internett), men at krava dertil òg aukar.
Kva kan gjerast for at den einskilde eleven skal få meir å seie i sin skulekvardag?
– Ved større skular må det vere mogleg å sjølv utforme sin eigen timeplan, slik at det blir køyrt "førelesingar", men at det blir stilt krav til kva for førelesingar eller fag eleven må ha. Vidare er det òg viktig at elevar har innverknad gjennom elevråd og skulestyret. Det må innførast lærarevaluering slik at læraren får tilbakemelding på korleis opplegget fungerer ovanfor elevane.
Kva kan ein gjere for å sikre at norske skulebygg er i forsvarleg stand?
– Rentekompensasjonsordninga må vidareførast slik at fleire skulebygg kan bli pussa opp. Vidare er det viktig at eigarane av skulebygget tek ansvar og prioriterer. Mange skular har behov for vaktmeistrar som kan føre kontinuerleg vedlikehald og førebyggjande arbeid.
Korleis kan ein finne mange nok lærarar som er motiverte til å gjere ein god jobb, samstundes som dei har høg fagleg og pedagogisk kompetanse?
– Det er å gjeninnføre respekten for læraryrket som systematisk er vorte brote ned. Det må stillast krav til 4 i norsk og matematikk til inntak til lærarutdanninga. Allmennlærarutdanninga må aukast til 5 år, Innføre fagkrav i alle enkeltfag for å undervise: Frå og med ungdomstrinnet skal alle lærarar ha ein fagleg bakgrunn (60 studiepoeng) i dei faga dei underviser i. Opprette fleire studieplassar ved praktisk-pedagogisk utdanning, slik at fleire studentar med høg fagkompetanse får høvet til å bli lærarar. Gje økonomiske incentiv til studentar med avlagt mastergrad som vel å bruke utdanninga si som lærar. Innføre nasjonale rekrutteringsplanar for å sikre gode og mange nok lærarar.
Faktaboks
Før sommaren spurte Framtida.no Elevorganisasjonen om dei kunne koma med ti viktige spørsmål om skulen som me kunne stilla til politikarane. LES SAKA! Me har stilt spørsmåla til unge politikarar i Møre og Romsdal. Sjå kva dei svarar:
Simon Molvær Grimstad (KrF): 4. september
Marit Nerås Krogsæter (Sp): 5. september
Åge Austheim (Frp): 7. september
Steffen Falkevik (V): 9. september