Slik vil han gjera Hordaland grønare

Vegard Ask (KrF) svarar på spørsmål om miljø, klima og samferdsel i Hordaland.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Få på plass fullskala reinseanlegg på Mongstad, intensivera satsinga på vindkraft. Alle nybygg skal dessutan vera lågenergibygg, nye fylkeskommunale bilar skal vera lågutsleppsbilar og alle nye bussar skal køyra på miljøvennleg drivstoff.

Vil de fasa ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

– Ja, KrF vil fasa ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg, men vi kan ikkje garantera at dette vil skje innan 2015.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

–  Ja, det vil vi. Blant anna skal alle nybygg byggjast etter ENØK-krav, i tillegg til at det på eksisterande bygg bør gjerast ombygging som til dømes betre isolering.

Vil de skifta ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Ja. Hordaland KrF har programfesta at nye fylkeskommunale bilar skal vera lågutsleppsbilar.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– KrF ynskjer å ha takstar som stimulerer til å reise kollektivt og er difor opne for å redusere prisane på kollektivreiser i fylket. Vi kjem likevel ikkje til å gå inn for å redusera prisen på månadskortet til 200 kr med det første. Dette er fordi vi ser det som ei viktigare oppgåve å først utvide studentkortet til å gjelde i heile fylket (og ikkje berre i eit avgrensa mengd regionar slik som i dag) før vi ser på prisreduksjon på månadskortet for ungdom og studentar.

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Ja! Blant anna vil vi byggje ut Bybanen til alle bydelane i Bergen og til dei nærliggjande omlandskommunane, sikra god kvalitet og høg frekvens på kollektivtilboda i fylket,
forenkla billetteringssystemet og utvida månadskortet for studentar til å gjelda i heile fylket

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– Ja. Blant anna vil vil gjera den historiske bykjernen i Bergen til ei bilfri sone og resten av Bergen sentrum til ein lågutsleppssone, gjera det enklare og meir attraktivt å reise kollektivt og etablera sambruksfelt ved innfartsårene til Bergen.

Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

– Ja! Vi ynskjer ei auka satsing på blant anna vindkraft og at meir økonomiske middel skal løyvast til dette. I tillegg vil vi ha ei auka satsing på bioenergi i form av anlegg for produksjon og bruk av bioenergi til oppvarming.

Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september

Vegard Ask (KrF): 6. september