Elevar fortel skrekkhistorier om skular med fuktskadar og muggsopp. – Skremmande, seier Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen.

mm
Faktaboks

Slik klagar du på skulemiljøet! (lenkje til Barneombodet)

LES FAKTALUKK FAKTA

Dårleg inneklima trugar helsa til både elevar og tilsette i skulen. Ein ny kontroll utført av Arbeidstilsynet viser at så mange som to av tre kommunar ikkje kontrollerer bygga godt nok. Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen, kan fortelje om elevar som får vondt i hovudet av for dårleg luft og som får ryggproblem av dårlege bord og stolar utan høve til å bli tilpassa elevar i ulike storleikar.

– Elevar skal ikkje vere redde for å bli sjuke av å gå på skulen. Dette er ingen ny problemstilling, og det er skremmande å sjå at slike døme kjem fram kvart år, seier Borud.

Krev strengare tilsyn
Borud viser samstundes til Opplæringslova, der det står tydeleg kva for ein type skulebygg elevar har krav på.

– Vi skal ha eit skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Vi treng strengare tilsynsordningar for å sikra dette, seier Borud. Han håpar ein kan få ein skule som oppfyller Opplæringslova innan eit par år dersom kommune og regjering startar å trekkje i same retning.

Hent huset ditt, Kristin!
For ei tid tilbake sidan gav Elevorganisasjonen eit halvt legohus til kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Meldinga var at ho skulle få heile huset når elevane fekk dei skulebygga dei har rett på. Oppfordringa til kunnskapsministeren er klar.

– Viss du vil ha legohuset ditt, er det berre å kome og ta det, seier han til elev.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE