Oslo-skulane satsar på eliteelevane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo- skulane satsar på elite- elevane

Dei aller flinkaste elevane i Oslo-skulen får eigne særtilbod denne hausten. Dei beste ungdomsskuleelevane får undervisning på vidaregåande skular, medan dei flinkaste på vidaregåande får undervisning på universitetet.

Det er dei 10 prosent flinkaste i språkfag og realfag på ungdomsskulen som frå i haust skal få undervisning i desse faga på vidaregåande skular i nærleiken, skriv Aftenposten.

10 prosent flinkaste
– Er du flink nok, får du vere med i undervisninga på vidaregåande alt frå 8. klasse, lovar utdanningsbyråd Torger Ødegaard frå Høgre. Det er Ødegaard som er arkitekten bak den omfattande satsinga på dei beste i Oslo-skulane denne hausten.

Dei 10 prosent flinkaste på vidaregåande får undervisning på Universitetet i Oslo. Elevane skal ikkje berre følgje undervisninga, men også ta eksamenar.

Neste år kjem det dessutan eigne klassar for dei beste i matematikk, på sikt skal også dei beste elevane i språk- og naturfag få denne sjansen. Det blir også eigne talentklassar innan kultur.

Får kritikk
Ordninga er så smått innført andre stader i landet også, men førebels er det Oslo-skulen som har dei mest ambisiøse måla. Men elitesatsinga får det glatte lag av Utdanningsforbundet.

– Å utfordre dei beste er ein god intensjon. Men å skilje ut dei beste i eigne klassar for å gi dei separat undervisning er faktisk i strid med opplæringslova, meiner Terje Vilno i Utdanningsforbundet. (©NPK)

Kva meiner du om ei elitesatsing? Er dette den naturlege fortsetjinga av tilpassa opplæring?