Færre unge i arbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå sokk delen yrkesaktive i alderen 15–24 år med tre prosentpoeng frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år.

Tala viser at det i andre kvartal i år var ein yrkesaktivitet på 71,7 prosent i befolkninga i alderen 15–74 år. Dette er ein nedgang på 0,8 prosentpoeng frå same kvartal i fjor.

Ifølgje SSB må nedgangen sjåast i lys av den sterke befolkningsveksten. Befolkninga mellom 15–74 år auka med 63.000 personar frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år. Samtidig auka arbeidsstyrken med berre 15.000.

Blant dei utanfor arbeidsstyrken er 18.000 fleire i utdanning, mens talet på pensjonistar eller arbeidsuføre auka med 23.000.

Ifølgje sesongjusterte tal frå SSB var arbeidsløysa her i landet i andre kvartal 3,3 prosent av arbeidsstyrken. (©NPK)