Kjekke (sjekke)triks frå Hjeltnes

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjekke (sjekke-) triks frå Hjeltnes

Brørne har og mange tankar om dei vestlandske kjerneverdiane, Ivar Aasen og sjølve kjærleiken.

– Det er ikkje berre berre å forstå menn frå Distrikts-Noreg, fortel Arne Hjeltnes. Han er aktuell med ein romanen Ivar Nimme, som handlar om mellom anna det.

– Myten om alle dei unge frustrerte mennene på Vestlandet stemmer nok i nokon grad, seier Sjur Hjeltnes. – Kanskje handlar det om eit eige vestlandsk lynne, og at ligg noko eige i tenkjemåten vår, held hand fram.

Finne kjærleiken
Brørne Hjeltnes kom med tankane om kjærleik på Dei Nynorske Festspela, der det var kjærleiken som sto i sentrum.

Eit av dei velmeinande sjekketriksa, handla om å prøve. – Fine damer skal jo ha ein fyr dei òg, seier ein av karakterane i Ivar Nimme.

– Kanskje er det slik med kjærleiken, som det er med idrett. At ein kan finne på å lukkast dersom ein ikkje gjer opp, seier Arne Hjeltnes. Førebiletet han trekker fram i så måte er Oddvar Brå.

– Det var alltid, like bak kom Oddvar Brå. Heilt til det snudde i 1982 og han vann, held Hjeltnes fram.

Råd
Dei mannlege karakterane åt Hjeltnes finn seg damer, på landsskyttarstemnet eller på ei kro.

Om ein er ei jente og vil sjekke opp ein av desse karane i distrikts-Noreg, er ikkje det så vanskeleg. – Dei er jo ikkje så godt vant, så det er berre å prøve, seier Arne Hjeltnes.

Han trur kanskje det er lettare for jenter med gardar, som kan dra menn som vil jakte og fiske.

Blues og latter
– Eg har eit vanskeleg forhold til kemneren. Vi går i par-terapi, men han er jo berre ute etter pengane mine, song Sjur Hjeltnes i ein eigenkomponert blues.

Veslebror Hjeltnes ser bluesen som ein ypparleg måte å få ut frustrasjon på, også for andre ting enn vanskelege forhold, som det keisame med å gå på tur.  

– Vi prøver å formidle tankar som er morosame for oss, seier Hjeltnes brørne, som likar å stå på scena i saman.

– Noko av det vi likar, er når det er berre ein person som ler, resten av salen er stille og vedkommande skrattar skikkeleg.

Ivar Aasen
Arne Hjeltnes har mellom anna vorte kjend for vossamålet sitt. Også for veslebror Sjur er språket viktig.

– Sjølv med alle slags målmerke, er det viktig at språket er meg. Eg likar og at språket er i stadig endring, fortel han.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Som det høver i nynorsksamanheng som Dei Nynorske Festspela, var brørne og innom Ivar Aasen. Med litt vri klarte dei å få fram Aasen, som tilhengar av både karakterar i barneskulen og EU.

På styrten
Gjennom Hjeltnes-humoren kan det nokre gonger verke som livet på Vestlandet handlar mest om å køyre moped og drikke heimebrent på styrten. Men det er meir enn det. Det er og draumen om kjøpevin og bydamer.

– Verdiane som høyrer livet på bygda til, dei er jo i vinden, seier Arne Hjeltnes. Som meiner ein vert prega av å vekse opp på bygda. Han legg vekt på dei mange arenaene ein kan markere seg på i eit bygdesamfunn.

– Terskelen for å gå på scena i ein skulerevy i ei bygd er lågare, enn på rådhuset i Oslo, avsluttar han.