Vil ha berre éin norskkarakter
Arbeidarparti-styrte Sør-Trøndelag vil prøve ut norskundervisning med berre éin karakter i skriftleg norsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ap-fylke vil ha berre éin karakter i norsk
Fylkestinget i Sør-Trøndelag vedtok onsdag å søkje dei sentrale skolestyresmaktene om støtte til eit prøveprosjekt med berre éin karakter og éin eksamen i norsk for elevane i den vidaregåande skolen. Dei langt fleste elevane i fylket har bokmål som hovudmål.
Fylkesordførar i Sør-Trøndelag Tore O. Sandvik (Ap) ser vedtaket som eit tydeleg signal om at også Ap-styrte fylke støttar læraroppropet mot sidemålsstilen og dobbelt karakter i norskfaget.
– Før har dette vore ei typisk Høgre-sak, men med vedtaket vårt viser vi at målet om å styrkje norskfaget er realpolitisk og ikkje eit populistisk utspel, seier Sandvik til Aftenposten.
Men Sandvik ønskjer at nynorsk framleis skal vere ein integrert del av norskfaget.
KOMMENTAR: Populisme frå Ødegaard
– Vi kan verken byggje landet eller kulturverdiar på tvang. Tvungent skriftleg sidemål er gått ut på dato, seier han.
– Elevane i norsk skole har meir enn nok å ta tak i om ikkje dei skal bere hovudansvaret for å føre vidare ein tradisjon som vart starta for hundre år sidan, men som få i dag finn relevant, seier Sandvik.
Seier nei
Fleire fylkeskommunar har kontakta direktoratet om mogleg å få i stand slike forsøk. Direktoratet har no sett seg nøydde til å informere om at dei ikkje kjem til å godkjenne fleire slike forsøk med ein samla norskkarakter i den vidaregåande skulen.
Kva meiner du om vedtaket til Sør-Trøndelag?