Mistenkeleg gode i nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noko er muffens med nynorsk- resultata

Bruken av ulovlege hjelpemiddel på eksamen i sidemål uroar Norsk Lektorlag.

– Det blir levert mistenkeleg mange gode svar. Men kva kan lærarane gjera? seier leiar Gro Elisabeth Paulsen i Norsk Lektorlag til Aftenposten.no.

Fyller på med hjelpemiddel
Skulane held elevane med pcar, og elevane tek pcane med seg heim. Der kan dei fylla maskinane sine med hjelpemiddel.

Nyno er eit populært program som er til god hjelp for både elevar som juksar og bokmålsbrukande byråkratar som tek mållova på alvor. Apertium er eit gratis verktøy som ligg på nettet som òg kan vera til hjelp med å omsetja frå bokmål til nynorsk.

Politikarane må på banen
– Skulane har ingen sjanse til å undersøkja og reinsa alle desse pcane for ulovlege program. Under eksamen kan lærarar og vaktar sjølvsagt freista å stå bak ryggen på elevane, men dei er ikkje mange nok eller datakyndige nok til å avdekkja jukset medan det skjer, seier ho til avisa, og legg til at jukset òg føregår innan andre språkfag.

Lektorleiaren meiner Kunnskapsdepartementet må på banen for å hindra juks.

Kva meiner du skal til for å få slutt på jukset?