– Ikkje fleirtal for valfritt sidemål. Berre rein populistisk ammunisjon til FpU og Unge Høgre før valet.

mm

Det sa Kjell Veivåg (V), nestleiar i Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo, på ein debatt om sidemål på Litteraturhuset tysdag kveld.

Han understrekar at det ikkje er fleirtal for å søkja om nye forsøk med valfritt sidemål i skulen i dagens bystyre, og at det uansett er gjeve klare signal frå Utdanningdirektoratet om at det ikkje vil bli gjeve løyve til fleire forsøk med valfritt sidemål.

Ola Kvisgaard, fraksjonsleiar for Høgre, avviste populismepåstandane:

– Det er ganske frekt å kalla det populisme. Ein veit at 70 prosent av elevane ønskjer fritak frå sidemål.

– Ungdommens bystyre har også vedtatt det. Eg trur ikkje nynorsk gjer elevane betre i andre fag, og eg trur oslo-elevane vil bli meir positivt innstilte til nynorsk om dei slepp å skriva det, la Camilla Wilhelmsen (FrP) til.

– Sats på sidemål
Ordførarkandidat for Sosialistisk Venstreparti Marianne Borgen er usamd i forslaget frå høgrebyrådet om å gjera sidemål valfritt:

– Svaret på utfordringane er å sikra elevane ei spennande og meir motiverande sidemålsundervisning. Å læra norsk sidemål er ein av dei sentrale basiskunnskapane, sa ho.

LES OGSÅ: Populisme frå Ødegaard

– Grunngjevinga til Høgre er for simpel. Nokre skular oppnådde gode resultat for dei svakaste elevane med forsøket for fritak frå sidemål. Men andre skular har også oppnådd gode resultat på å leggja til rette for ekstra tiltak for sidemål, sa Khalid Mahmood (Ap).

Elles i debatten lova Kristeleg Folkeparti at dei vil ta opp forbodet frå 1977 om å nytta nynorsk i forvaltninga i Oslo kommune. Dette forbodet var ukjent for dei fleste politikarane.

Kjell Veivåg utfordra også nynorskrørsla til å vera meir aktive i kontakten mot politikarane.

– Me møter ei mengde med interessegrupper, men høyrer sjeldan frå målrørsla, sa han.

Usemje om morsmål
Representantar frå alle partia som i dag sit i bystyret var invitert til møtet der også morsmåls- og framandspråkopplæring var på dagsorden. Møtet var i regi av fylkesmållaget Vikværingen og målnemnda til Bondeungdomslaget i Oslo.

– Me seier nei til morsmålsopplæring, og eg finn ei god støtte for det i England der dette heller ikkje blir gjeve. Der grunngjev dei dette med at innvandrarane til England tek sikte på å bli i landet.

LES OGSÅ: – Tilbakeståande bavianskalle

– Me manglar anerkjenning av framandspråk i Noreg. Me har gått frå å vera dei i beste i Norden til å bli blant dei dårlegaste, sa leiar i Noregs Mållag, Håvard Øvregård, og la til:

– Det er ikkje noko belastning å kunne eit ekstra språk.

Tidlegare nestleiar i Mållaget og no leiar i Sagene SV, Jens Kihl, viser til at med 7-8 språk vil ein dekkja 90 elevmassen med rett til morsmålsopplæring.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE