Prøver igjen med valfritt sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidemålsdebatten held fram. I ei innstilling til bystyret i Oslo vil byrådet no igjen prøva å få til eit forsøk med valfritt sidemål på vidaregåande.

– Eg vil at elevane i Oslo skal bli betre i hovudmålet sitt – difor ynskjer eg at sidemålet skal bli valfritt på vidaregåande. Me gjennomførde eit liknande forsøk i mindre skala for nokre år sidan, og det viste seg at elevane faktisk fekk eit meir positivt syn på sidemålet. No vil eg at alle Oslo vidaregåande skular deltek, seier skulebyråd Torger Ødegaard (H) i ei pressemelding.

– Det er urovekkjande at mange elevar utviklar negative haldningar til nynorsk gjennom norskopplæringa. For mellom anna å styrkja dei skriftlege eigenskapane i norskfaget er det nødvendig at elevane får meir tid til å arbeide med hovudmålet, skriv byrådsleiar Stian Berger Røsland og utdanningsbyråd Torger Ødegaard (H) i innstillinga til Oslo kommune.

– Fekk betre resultat
Dei vil byggja vidare på forsøka som vart gjort blant 780 elevar i 2004-2007, som mellom anna viste at det var dei svake elevane og midtsjiktet som først og fremst drog nytte av å sleppa sidemål.

LES OGSÅ: Byter sidemål med tysk og fransk

– Elevane som var med i forsøket med valfritt skriftleg sidemål, fekk betre karakter enn det som kunne forventast, når det blir kontrollert for andre forhold som verkar inn på resultata, er ein av konklusjonane byrådet viser til.

Må ha dispensasjon
Det er Utdanningsdirektoratet som kan gi dispensasjon etter Opplæringslova. Forsøket går i så fall i gang frå neste haust. Røsland vil gjera undersøkinga breiare ved å inkludera ei rekkje ulike linjer. Det vil også bli vurdert om eit anna fylke kan vera kontrollgruppe for Oslo-forsøket.

– Eit utvida forsøk vil kunne gi eit forskingsmessig endå betre grunnlag for å trekkje slutningar, argumenterer byrådet. Det forrige forsøket blei møtt med kritikk frå forskarhald, og hadde problem med å finna forskingsmiljø som ville ta i prosjektet.

Kva meiner du om forslaget?