Målungdom rosar Paradise Hotel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mål- ungdom rosar Paradise Hotel

– Deltakarane i reality-programmet Paradise Hotel blir ofte skulda for å vere dårlege språklege føredøme. Eg meiner tvert imot at det dialektmangfaldet som deltakarane representerer er positivt, seier leiar i Norsk Målungdom, Janne Nygård i ei pressemelding.

Nygård rosar TV3 for å ha utført ein glimrande castingprossess som har resultert i at dialektar frå Nordland til Agder får boltre seg på TV-skjermen fire dagar i veka – i beste sendetid.

– Sjølv om dialektbruk er meir akseptert i dag enn for nokre tiår sidan, er det framleis mange unge som legg om dialekten når dei reiser til større byar. Å høyre sin eigen dialekt på TV kan vere med å heve statusen til dialekten og gjere det enklare å holde på han, seier Nygård. Ho vil spesielt trekkje fram som positivt at Paradise Hotel syner fram dialektar som vanlegvis ikkje når TV-skjermen.

– Det er forfriskande å høyre dialekt frå Råde i Østfold og Mo i Rana bli snakka med den største sjølvfølgje og sjølvkjensle, seier Nygård.

Deltakarane har blitt skulda for å vise språkleg forfall ved å bruke ord og uttrykk «feil». Nygård synest ikkje noko om at nokon stemplar språkbruken som feil, i og med at vi ikkje har normert tale i Noreg og at ord og uttrykk har ulike bruksmåtar.

– På Paradise Hotel får ein høyre eit rått og utilsløra språk, snakka slik ungdommen snakkar i dag, og det skal TV3 ha ros for å løfte fram, avsluttar Nygård.

Kva tv-program er best på dialekt, synest du?