Feltarbeidar møtte ungdomsrådet
– Mi viktigaste oppgåve er å halda ungdom unna narkotika og alkohol og informera om hiv og aids.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Felt- arbeidar møtte ungdoms- rådet
Det seier feltarbeidar Siyabonga Zulu i hjelpeorganisasjonen Zulufadder. Han er no på besøk i Sogndal som samarbeider med organisasjonen.
Denne veka har han mellom anna treft ungdomsrådet i kommunen, og saman har dei utveksla erfaringar om korleis ungdom sjølve kan involvera seg i nærmiljøet sitt.
Ynskjer inspirera
Til leiar Vilde Tøfte Øvstetun og nestleiar Andrea B. Kvam, begge 17 år, fortalde han om sitt daglege arbeid blant ungdom i KwaZuluNatal i Sør-Afrika.
Dette er eit område prega av at store delar av vaksengenerasjonane har døydd av aids. Her bidreg Siyabonga med mellom anna opplæring innan hygienetiltak, matutdeling og å involvera ungdom i sportsaktivitetar.
– Det er ganske spesielt å sjå kor annleis dei har det samanlikna med oss her, seier Vilde Tøfte Øvstetun etter å ha høyrt Siyabonga fortelja om arbeidet som blir gjort.
Lokale feltarbeidarar
Ho håpar at ungdomsrådet kan inspirera og at besøket frå Sør-Afrika kan føra til meir samarbeid.
– Det er flott om ungdom der kan få meir å seia når det gjeld skule og organisering, slik me har her, meiner ho.
Alle feltarbeidarane i Zulufadder skal ha lokal bakgrunn slik at språk- og kulturforskjellar ikkje skal føra til misforståingar.
– Innbyggjarane bidreg mest mogleg sjølv, seier 26-åringen som også har ein far som er engasjert i prosjektet.
Feira nasjonaldagen
Under opphaldet i Sogndal har han også fått med seg 17.-mai feiring, møte med skule og barnehage og blitt litt kjend med korleis kommunen fungerer.
– Sogndal verkar å vera eit velorganisert samfunn, seier han.