Universitetet i Bergen får stryk
Studentar fryktar at feil i eksamensoppgåver på nynorsk kan føra til dårlegare karakterar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
UiB får stryk på eksamen på nynorsk
Då studentane på administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) fekk utdelt heimeeksamen i vår var det mange feil i den nynorske versjonen. Det er ikkje studentane nøgde med.
Martin Årseth, nestleiar i Studentmållaget, meiner slike skrivefeil er eit altfor vanleg fenomen og oppmodar studentane til å klage på førelesarane når dette skjer.
– Det er rett og slett pinleg for Universitetet, seier han.
Studentparlamentet meiner dei dårlege dugleikane i nynorsk ved UiB kan gå ut over studentane sine eksamensresultat og ønskjer å ta tak i problemet.