– Høgre til angrep på nynorsk som nasjonalspråk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre til angrep på nynorsk

I helga vedtok landsmøtet i Høgre at dei ikkje vil at elevane i ungdomskulen skal ha obligatorisk sidemålsundervisning.

– Vedtaket er veldig alvorleg. Dette er eit angrep på nynorsk som nasjonalspråk. No må Erna Solberg og Høgre klargjere korleis vi skal greie å oppretthalde ei jamstelling mellom nynorsk og bokmål med eit slikt vedtak, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Jamstelling mellom språka krev meir enn å lese nynorske dikt. Høgre-tillitsvalde som skryt av nynorsk i dikt, men vil ta det bort som ålment bruksspråk er useriøse som kultur- og språkpolitikarar, seier Håvard. B Øvregård i ei pressemelding.

Han fryktar for fleire konsekvensar av vedtaket; skal elevar som ikkje valde å lære sidemål i skulen bli utestengt frå å bli lærarar, eller er det slik at nyutdanna lærar som berre har lært bokmål, i praksis få yrkesforbod i klasseromma til dei 81 214 nynorskelevane?

– I dag er det om lag 500 000 nynorskbrukarar i Noreg, 114 nynorskkommunar, tre fylkeskommunar, eitt regionhelseføretak, 367 kyrkjesokn som har nynorsk. Vil det slik at desse ikkje at staten ikkje lenger skal tilby nynorsk informasjon, spør Håvard B. Øvregård. Han er sjølv medlem i Høgre, men meiner at landsmøtet i Høgre ikkje ser kor alvorleg dette vedtaket er for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.

– I tillegg er dette vedtaket stikk i strid med Høgre sitt mål om meir kunnskap i skulen. Kunnskap i sidemål gjer norske elevar betre i hovudmålet, ikkje omvendt. Og kunnskap i to skriftspråk gjer norske elevar betre i stand til å lære framandspråk. Her har det gamle kulturpartiet Høgre gjort knefall for Unge Høgre sitt behov for billeg valkampargumentasjon for skuletrøtte elevar. Dette er pinleg for Høgre som har gått frå kunnskapsparti til kunnskapsløyse, seier Håvard B. Øvregård.

I eit intervju med TV2, viser han til undersøkingar frå Spania med kastiljansk og katalansk, der det viser seg at dei lærer framandsspråk betre.