Klart fleirtal for valfritt sidemål i ungdomsskulen på landsmøtet til Høgre.

mm
Faktaboks

Følg sidemålsdebatten på Twitter:

LES FAKTALUKK FAKTA

Eit fleirtal på 164 delegatar støtta framlegget til mellom andre Unge Høgre om å gjera sidemål valfritt i ungdomsskulen. Det blei gjort mot stemma til partileiar Erna Solberg og 86 andre representantar.

Overfor Aftenbladet.no seier Erna Solberg at vedtaket på sikt kan få konsekvensar for kravet om to målformer i det offentlege. Eit krav fatta av Stortinget i det historiske Jamstellingsvedtaket 12. mai i 1885.

– Ja, det vil bli ein naturleg konsekvens. Språkkompetansen i etatane skal vera der, men kvar enkelt medarbeidar treng ikkje kunna begge målformer, seier Solberg til Aftenbladet.no.

LES OGSÅ: Strid om sidemål i Høgre

Unge Høgre har samstundes fått landsmøtet med seg på å byrja med to framandspråk allereie frå første trinn på barneskulen. Men etter at Erna Solberg kasta seg inn i debatten, blei ordet "obligatorisk" framfor andre framandsspråk stroke, ifølgje vl.no.

Kva meiner du om vedtaka på landsmøtet til Høgre?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE