Akademisk doping er eit neglisjert problem.

Atli Bjarnason og Kaia Holen Lovas/Under Dusken
Atli Bjarnason og Kaia Holen Lovas/Under Dusken

Det er ein varm sommerdag i den ungarske byen Pecs. Den norske studenten «Martin» sit og les til eksamen som skal avleggjast om nokre få dagar. Utanfor vindauga fristar livet som har stått på vent i mange veker. I hans eige hovud herskar eit virvar av anatomi, fysiologi og sjukdomslære. Han har brukt mykje tid på å førebu seg, og han følar presset for å gjere det godt. Eit press som gjer at han, som mange andre, har tydd til prestasjonsfremjande middel i leseperioden.

Martin vart introdusert for det sentralstimulerende medikamentet ritalin i det første året sitt på medisinstudiet. Etter å ha prøvt pillene oppdaga han at han raskt kunne segle gjennom fleire timar med høgkonsentrert lesing. No er Martin snart ferdig med det tredje året sitt, og han har nytta seg av Ritalin i alle eksamensperiodar.

– Når eg tek ei pille morgon og kveld held dette meg gåande gjennom heile dagen. Det klårar hovudet, og eg kan lese i lange tider utan stopp, seier Martin, som er avhengig av å ha fullt fokus på studiet dei siste vekene før eksamen.

Tabu
Ritalin blir klassifisert som eit narkotikum, men er eit lovleg, reseptbelagt lækjemiddel som blir brukt til å handsame ADHD. Medikamentet stimulerer til auka produksjon av dopamin og noradrenalin i hjernen: Stoffar som gjev auka merksemd, motivasjon og betre hugs. Etter at verknaden vart bevist i nyare forsking har bruken av ritalin skote i vêret. Dei skadelege effektane ved pillene er ikkje fullt kartlagt, men dei mest kjende bivirkningene er hovudpine og depresjonar. Andre aktuelle stoff er blant anna modafinil, donepecil og amfetamin.

Medisinbruk blant studentar her til lands er eit tabubelagt tema, og vi har hittil lite kunnskap om omfanget i Noreg. I den landsdekjande utgåva av Studentenes Helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) på landsbasis frå 2010 oppgjev drygt éin prosent av dei spurde studentane at dei har brukt medikament for å prestere betre akademisk. Andre undersøkingar meiner talet er nærare 2,5 prosent. Altså er det uansett snakk om eit tusentals studentar.

Prat i gangane
Trass i at undersøkingane fortel om bruk prestasjonsfremjande middel, er det ingen som ropar høgt i gangene om eksamensdop. Lektorstudenten Ole Anders Røsand er ein av dei som har høyrt om medikamentbruken ved NTNU.

– Personleg kjennar eg ikkje nokre som brukar det, men eg har inntrykk av at det eksisterer. Folk snakkar om det i gangane, spesielt no i eksamenstida, fortel Røsand.

Han oppfattar likevel ikkje at det i størst grad blir brukt oppkvikkande middel.

– Eg trur nok heller at folk brukar det for å roe nervane, slik at dei blir i stand til å disponere tida betre. Om det eigenleg hjelp er vel ein anna sak, seier han.

Ikkje forbod
Seksjonssjef Knut Veium ved Studieavdelinga på NTNU har ikkje inntrykk av at det å dope seg i eksamenssamanheng er ein utbreidd praksis.

– Det er eit problem vi aldri har registrert, og det har difor aldri vore diskutert, seier han.

Sjølv om nokre openlyst inntek rusmiddel i eksamenssalen, har NTNU heller ikkje noko reglement som forbyr det. Veium meiner det uansett er noko som nærast er umogleg å slå ned på i praksis.

– Eksamen på vårsemestret er jo midt i pollensesongen. Om det er allergipiller, hodepinetablettar eller andre ting er dermed vanskeleg å avgjere. Eksamensvaktene har ingen instruksjon om å sjekke kva for medisinar studentane eventuelt måtte ha med seg.

Ingen tiltak
Av alle studieinstitusjonane som SHoT-undersøkinga dekker, skårar Trondheim Økonomiske Høgskole (TØH) høgast når det gjeld studierelatert medikamentbruk. 2,7 prosent av studentane har falle for fristinga. Likevel har heller ikkje dekan Ove Gustafsson ved TØH registrert noko som tilsier at dette stemmer.

– Eg er ikkje kjent med praksisen til studentane på dette området, seier han, og legg til at han har veldig god kontakt med studentane.

Likevel skal statistikken ha vorte teke til etterretning. Rett nok har ikkje dei største tiltaka vorte iverksett enno, men frå hausten av vil problemet bli teke på alvor.

– Vi har gjeve studentane høve til å møte og snakke med helsesøster ein gong i veka, men det er det einaste vi har gjort.

Kvifor nettopp TØH skårar så høgt har ikkje Gustafsson nokre formeining om. Han nemner likevel dei mange eksamenane til TØH-studentane som ein mogleg årsaksfaktor.

Les heile dagen
Martin fortel at det er hardt å studere i Pecs, og at det spesielt for medisinstudentene kan bli fristande å ta i bruk medikament.

– Det er ingen medisinstudentar som har eit vanleg liv. Det er eit tungt fag med mykje å lære. Mange av studentane her les ti til tolv timar utanom ordinær skoletid, seier Martin.

Han kan fortelje om ei utstrakt nytte av dette medikamentet blant studentane i Pecs.

– Eg vil tru at rundt 70 prosent av studentane her tek stoff for å prestere betre. Det er eit stort miljø, med fleire legar som gladeleg skriv ut reseptar. På denne måten kan ein kjøpe ritalin «lovleg» på apoteket til ein relativt billeg penge, fortel han.

Martin trur ikkje folk tenkjer så mykje på det etiske aspektet ved å ta medikament på denne måten.

– Ein må lese utruleg mykje, og mange føler kanskje at det harde studiet rettferdiggjer den ulovlege medisinbruken. Når alle andre òg tek det, virkar det nok ikkje så «feil», trur han.

Større innsikt
Medisinstudiumet på NTNU er tilsynelatande ikkje i nærleiken av å nå ungarske tilstandar. Ei undersøking frå 2009 for Teknologirådet viser at éin av seks norske medisinstudentar kjenner til fenomenet frå omgangskrinsen sin, men ingen av dei Under Dusken har vore i kontakt med tilhøyrer denne sjettedelen. Verken kulltillitsvalt Torunn Frøseth for medisinkullet 2009 eller fakultetstillitsrepresentant Johanne Marie Iversen ved det medisinske fakultetet (DMF) kjennet til eit einaste tilfelle. Frøseth forstår likevel at det finst i størst grad blant medisinstudentane.

– Eg skjønner at medisinstudentane kanskje gjer dette hyppigast, i og med at dei kjenner stoffa og har ei større innsikt i kva for ein verknad dei har. Eg tviler på at det løner seg i lengda, siar Frøseth.

Iversen har ein alternativ teori.

– Det kan vere at årsaka til at medisinstudentene skårar høgt på undersøkingar er at dei har ein annan definisjon på dette, altså at dei ser på fleire middel som prestasjonsfremjande. Difor reknar dei kanskje med til dømes koffein.

Færre konsekvensar
Dekan Stig Arild Slørdahl ved DMF har heller ikkje observert nemneverdige mengder tilfelle av akademisk doping i Trondheim. Han uttalar at fakultetet ikkje har registrert noko som tilsier at det er ein utbreidd praksis, og legg til at det i større grad har vorte rapportert om slikt frå utlandet. Han trekkjer fram fleire årsaker til at «Martin» og hans medstudenter er meir truande til å dope seg enn trondheimsstudentene.

– Det er mogleg at det er større tilgjenge til medikament, og færre konsekvensar av å bruke dei.

– Kva for konsekvensar har det på NTNU?

– Viss det er snakk om ulovlege medikament er det jo ein tilsynssak. I verste tilfella kan studenten bli utvist, seier Slørdahl.

Han uttrykkjer likevel inga frykt for at slike hendingar vil oppstå.

– Vi har ein studentkultur som gjer at det ikkje er naudsynt. Ute i Europa er det nok meir vektlegging på såkalla puggekunnskap. Vi har derimot større fokus på forståing, og mindre fokus på pugging. Det fører til mindre stress i samband med studia, seier han.

Han trekkjer likevel òg fram andre faktorar som kan auke stressnivået.

– Einskilde stader er det nok enno lite professorvelde. Det er større press når det kjem til å tekkjast professorane, og ein professor kan ha stor tyding for i kva grad ein får fortsetje studia.

Pengepress
Forsking frå Universitetet i Michigan avslørar at 8 prosent av amerikanske studentar har brukt prestasjonsfremjande middel i samband med eksamenslesing.

Sosiologistudent Lars Toft var i haust på utveksling ved Universitetet i Berkeley i California, og oppfatta nytta av prestasjonsfremjade middel som langt meir utbreidd der enn heime i Noreg.

– Eg omgjekk først og fremst nordmenn, men vi høyrde om mange amerikanarar som gjorde det, seier Toft.

Han trur den største skilnaden ligg i økonomien.

– Vi har gratis utdanning, men amerikanarane har ikkje råd til å feile. Dei har brukt alle pengane sine, og pengane til foreldra, til studium. Stryk dei eller får for dårlege karakterar er dei blakke og «føkka».

Usikker framtid
– Det er lettare å jobbe med tiltak i tilfelle der vi har dokumentert problema betre, som til dømes innan psykisk helse eller andre velferdsspørsmål. Den mangelfulle dokumentasjonen krev eit godt samarbeid mellom oss og studentane, seier velferdsdirektør Anders Stenvig i Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT).

Han ser på problemet som svært viktig, men vanskeleg å gå til åtak på.

– Vi har sett nøye gjennom SHoT-undersøkinga. Hovudbildet i undersøkinga er at tala på studentar som brukar prestasjonsfremjande middel under eksamen heldigvis er veldig låge. Sjølvsagt er alt over null uønska, seier Stenvig.

Dette er ei problemstilling som bør studera og gå til åtak på breitt, òg frå høgare hold, meiner han.

– Det er diverre grunn til å tru at dette kjem til å bli stadig meir aktuelt i framtida. Spesielt i ein studentby som Trondheim der mengda internasjonale studentar aukar heile tida, seier Stenvig.

Han fortel at SiT i samarbeid med utdanningsinstitusjonane har sett i gang ei rekkje handlingstiltak for å betre studentvelferda etter at den forrige undersøkinga kom for tre år sidan.

– Vi er no inne i ein evalueringsprosess der vi ser kor godt desse tiltaka har verka. Når vi er ferdig med dette, vil vi sjå på kva for nye tiltak som blir i sett i gang, seier Stenvig.

Det er dermed ikkje sikkert at denne problemstillinga blir gjeve auka fokus i årane som kjem.

Utslått
Martin seier at han ikkje har merkt nokre negative bivirkninger som følgje av ritalinbruken.

– Når verknaden av pillene går over i åttetida på kvelden blir eg heilt utslått. Dette er det einaste eg har merkt noko til, seier Martin.

Han hevdar han heller ikkje har hatt nokre problem med avhengighet.

– Det går heilt greitt å slutte når eksamen er ferdig, for så å byrje på igjen neste eksamensperiode. Sjølvsagt skjønnar eg at det ikkje er bra for kroppen å gå på medikament som kroppen eigenleg ikkje skal ha i ti av semestret sine 21 veker. Til hausten byrjar eg i praksis, så no er det slutt på pillebruken.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE