Etterlyser kunnskap om overgrep

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I kantina til avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Bergen (HiB) er fleire samde om at omsorgssvikt er eit tema som er sterkt fråverande i undervisinga. Blant dei er Ingrid Marie Hellås og Kristina Isane. Dei går begge førskulelærarutdanninga på tredje året, og føler seg ikkje førebudd på dei tøffare sidene av lærartilveret.

– Det er veldig lite av det obligatoriske pensumet vårt som går inn på dette temaet. Ein må lese seg opp på eige initiativ, og då fell dei som er mindre interessert vekk, seier Hellås.

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress la i 2007 fram ein rapport som viser at nesten 90 prosent av alle allmenn- og førskulelærarstudentar meiner dei ikkje kan nok om korleis takle mistankar om overgrep mot born. Lite tyder på at dette har forandra seg.

Fleire enn ein trur
Som ei følgje av rapporten starta organisasjonen PRESS kampanjen «Bekymra» i 2010. Dei vil ha meir kompetanse om fysiske og seksuelle overgrep, samtalemetodikk, og dessutan kunnskap om barnekonvensjonen spesifisert inn i rammeplanen til dei ulike utdanningane.

Nina Bergheim Dahl, leiar for PRESS Studentlag Bergen, fortel om gode tilbakemeldingar på engasjementet, og at fleire studentar har fått auga opp for kor mange som blir ramma av omsorgssvikt.

– Statistisk sett er det minst éin elev per skuleklasse som blir utsett for overgrep eller mishandling heime. Mange studentar får ein aha-oppleving når dei får høyre dette. Dei har ikkje tenkt over at dette er noko dei kjem til å støyte på i løpet av tida si som lærer, seier ho.

Lite obligatorisk
Madli Hannisdal underviser i pedagogikk ved NLA Høgskulen, og fortel at det blir lagt opp til lite undervising bortsett frå eit obligatorisk todagars seminar det siste året av lærarutdanninga.

– Helst burde dette vere eit gjennomgåande tema alle åra ein utdannar seg, og ikkje berre eit krasjkurs på slutten av utdanninga.

Hannisdal meiner Kunnskapsdepartementet må ta problemet meir på alvor.

– Dette burde vere eit satsingsområde på lik linje med mobbing i skulen. Ein lærar har mykje å seie i liva til eit barn, og større kunnskap om emnet vil utgjere stor skilnad.

Få bekymringsmeldingar
Det siste året har fleire alvorlege overgrepssaker vorte avdekt i media. Likevel er det få som leverer bekymringsmeldingar til barnevernet. Dahl meiner dette kjem av manglande kunnskap.

– Utan god nok opplæring veit ein ikkje kva for rettar born har, eller korleis meldeplikta fungerer. Viss få veit kva dei skal gjere, vil få melde frå ved mistanke. Det å gripe inn i ein familie er vanskeleg, og difor er det avgjerande å ha nok kunnskap om korleis ein skal gå fram, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST!