Vil ha rettferdige patent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Vi vil at Universitetet i Bergen (UiB) skal implementere retningslinjer som gjer at medikament som har opphavet sitt i forsking frå UiB skal gjerast tilgjengeleg for dei som treng det, seier Kristine Husøy Onarheim.

Ho og Johanne Helene Iversen studerer medisin ved UiB, og saman står dei bak bergensfilialen av «Universities Allied for Essential Medicines» (UAEM), ein frivillig organisasjon som blant anna kjempar for at legemiddel som har opphavet sitt i offentleg finansiert forsking i større grad skal kome fellesskapet til gode.

– Vi ynskjer at UiB stiller krav når dei lisensierer dei medisinske patenta sine til kommersielle aktørar, slik at viss det blir utvikla eit medikament som har opphavet sitt i forsking ved UiB skal det òg gjerast tilgjengeleg i låg- og mellominntektsland, seier Iversen.

Ho forklarar at dette blant anna kan gjerast via såkalla rettferdig lisensiering – å opne for produksjon og sal av billegare kopimedisiner til land der behova er store.  

Lettare sagt enn gjort
Det er Bergen Teknologioverføring (BTO), der UiB eig 40 prosent, som styrer prosessen når forsking frå UiB skal kommersialiserast. Dagleg leiar Anders Haugland fortel at dei så langt ikkje har stilt krav til kommersielle aktørar om rettferdig lisensiering.

– UiB krev ikkje at vi skal fokusere på dette. Eg trur ikkje det tyder at de ikkje synest det er viktig, men vi har aldri fått han type signal, seier han.

Haugland trur dessutan at for mange føringar vil gjere det vanskeleg å få kommersielle aktørar til å investere, noko som igjen kan føre til at viktige medikament aldri ser dagens ljos.

– Det er profitt som driv dei farmasøytiske selskapa, og UiB kan ikkje vedta at verda skal bli meir rettferdig. I nokre marknader ville det nok vere mogleg å stille slike krav, medan det i andre ikkje ville vere nokon vits i å prøve eingong.

– Kan UiB påleggje BTO å krevje rettferdig lisensiering?

– Det er klart dei kan leggje nokre føringer, men per i dag kan dei ikkje utan vidare diktere noko slikt. Men dersom UiB går for denne strategien, vil det gjenspeglast i handlingsrommet vårt, og vi vil då gjere vårt for å etterleve det, seier han.

Imøtekomande rektor
UAEM Bergen har vore i kontakt med rektor ved UiB, Sigmund Grønmo, som ynskjer initiativet deira velkomme.

– Vi har jo som utgangspunkt at forskinga til universitetet skal gjerast tilgjengeleg for ålmenta så langt det lèt seg gjere. I den grada forskinga til universitetet fører til utvikling av nye medisinske produkt er det ei målsetting at dette bør kome flest mogleg av dei som treng det til gode, seier han.

Grønmo har bede forskingsadministrasjonen ved UiB kartleggje kva for eit handlingsrom UiB har i tilhøve til å stille krav når forskinga til universitetet skal kommersialiserast.

– Vi har denne problemstillinga klart for oss og vi vil fortsetje å sjå på kva for høve som finst med omsyn til det UAEM er oppteke av. Vi har ikkje så mykje å konkludere med enno, men vi har stor sans for problemstillinga, seier han.

Nøgde, men forventningsfulle
Kristine Husøy Onarheim er veldig nøgd med korleis dei har vorte møtt av UiB-leiinga så langt.

– Rektor seier at UiB ynskje å bli eit leiande universitet i Noreg på rettferdig lisensiering, og det gjer oss stolte av å studere her, seier ho.

No håpar ho rektor følgjer opp.

– UiB har høve til å skape seg eit stort handlingsrom, det er snakk om vilje og kva for ei retning UiB ynskjer å gå. Det handlar rett og slett om kva for ein aktør UiB vil vere i samfunnet, seier ho.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!

Faktaboks

 PATENTERING OG LISENSIERING

– Eit patent gjev eigaren eksklusiv rett til produksjon, bruk eller sal av eit produkt, og blir gjeve til oppfinnarar når oppfinninga er ny, nyttig og ikkje openbar.
– Det er opp til eigaren av patentet i kva grad vedkomande skal ha eksklusiv rett eller dele det med andre.
– Patentlovene skal gje incentiver til innovasjon og oppfinningar, og gjev ofte eigaren høve til å ta høgare pris for produktet sitt enn kva ville vore tilfelle dersom alle kunne produsere produktet.
– Forskarar ved UiB kan sjølv velje om dei vil publisere forskinga si, eller prøve å søkja patent.
– Dersom forskaren søkjer patent, tilfell rettane både forskaren sjølv og UiB. Kor stor del av rettane som tilfell kvar av partane blir forhandla i kvart enkelt tilfelle.
– Bergen Teknologioverføring koordinerer prosessen når patenterte forskingsresultat frå UiB skal lisensierast vidare til kommersielle aktørar.