Skuleelvane i Sogn og Fjordane skil seg ut. No skal dei forskast på.

Sigrid Svartefoss, Sogn Avis
Sigrid Svartefoss, Sogn Avis

Mot alle odds er elevane av dei flinkaste i landet. Kvifor gjer elevar i Sogn og Fjordane det så bra? Dette er spørsmål mange undrar seg over. Ikkje minst dei fylka som ikkje kjem så bra ut på nasjonale prøvar. I går var dette emnet ei førelsing på den 14. lærarstemna i Sogn­dal.

Må undersøkja
– Byråkratar i departementet seier at di betre utdanning foreldra har, di betre utvikling har elevane. Sogn og Fjordane avvik frå dette, seier professor Gjert Langfeldt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF). Han hadde ein kultursal fullpakka av lærar i Kulturhuset med seg inn i ei førelesing: Styring og kvalitet – utfordringar for leiing og lærarar. Kvifor gjer elevar frå Sogn og Fjordane det så godt på nasjonale prøvar? Kva kan gjerast betre og kva trugar?

KOMMENTAR: Feil type flink?

– Eg trur det er verd å undersøkja samarbeidet mellom HSF?og skulane. Då HSF ikkje hadde nok elevar, kom HSF med tilbod om gratis kurs til lærarane. Dette synleggjer at lærarkvalitet er viktig. Mange skular ligg i område med lægre inntekt og mange foreldre med lita utdanning, men skuleelevane gjer det likevel godt, seier Langfeldt.

Sans for kunnskap
Likskapskulturen i fylket kan vera avgjerande her.

– Det har noko med historia til fylket og levevilkåra her. I ei undersøking svarar 82 prosent av lærarane at dei trivst godt med å vera lærar. Ingen andre stader er det så mange som har lyst til å verta lærarar som her i fylket. Det undersøkinga ikkje fortel, er kvifor dette samfunnet har slik sans for kunnskap. Beste forklaringa mi er at de held fast på kvalitetar som flid. At det å kunna noko er viktig.

Satsar på forsking
Høgskulen i Sogndal er i ferd med å byggja opp ei forsking for å finna svar på kva som medverka til eit godt resultat på nasjonale prøvar.

Under lærarstemna har 50–60 personar frå fylka Aust-Agder, Nord-Trøndelag, Oppland og Sogn og Fjordane vore samla i Sogndal. Dei skal samarbeida om å utvikla forskingsprosjekt på skule og born si læring.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag har fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til eit forprosjekt. Skissa til forskingsprosjektet er utarbeidd av professor Gjert Langfeldt.

Bakgrunnen for forprosjektet er at ikkje alle kommunar lukkast like godt med å utvikla elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Fylkesvise gjennomsnittsresultat viser òg til dels store skilnader mellom fylka.

– Elevane her i fylket gjer alt i 5. klasse litt betre enn landssnittet, og forspranget aukar fram til 8. klasse. Ungdomsskuleelevane har lenge vore heilt i toppen. Eg må òg seia at elevar i Akershus og Oslo kjem godt ut, seier Langfeldt.

Viktig å vita
– Me har ikkje gode svar på kvifor elevar her i fylket gjer det så godt på nasjonale prøvar. Det er mykje me trur, men å vita meir om dette er viktig for lærarutdanninga vår. For me vil halda fram med å vera gode, seier Rasmus Stokke, dekan ved avdeling for lærarutdanning og idrett.

Dei fleste studentane ved lærarutdanninga er frå Sogn og Fjordane, men i fjor opplevde studiet ei rekordsøknad. I tillegg var det mange utanfrå fylket som søkte seg hit.

– Kan det å vera god verta ein magnet til å få fleire studentar?

– Ei god lærarutdanning er viktig for omdømet for skulen og elevar. Me ynskjer å styrkja utdanninga, gjera vårt til at elevar her i fylket gjer det bra, og at det vert slik i framtida òg, seier Rasmus Stokke.

I dette arbeidet er den årlege lærarstemna ein viktig arena for Høgskulen og lærarane. Sogn og Fjordane er det einaste fylket som framleis har ei årleg lærarstemna. Torsdag og fredag var rekordmange 900 samla til fagleg påfyll i Sogndal.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29

Kommentarar

ANNONSE