– Oslo sviktar studentane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgre og Frp tenkjer berre pengar, pengar, pengar. Dei er blenda av eigen ideologi, seier Ingvild Reymert, som står på femteplass på Oslo SVs bystyreliste.

Ho er svært misnøgd med innstatsen som Høgre og Frp-byrådet gjer for studentane.

– Bergen og Trondheim er i mykje større grad studentbyar enn Oslo. Trondheim kommune har vunne Ottosen-prisen (årleg prisutdeling som heidrar innsats for norske studentar sine velferd, journ.anm.). Det bør òg Oslo ha som mål, seier Reymert, som ved sida av politikken studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Garantert tak over hovudet
Til hausten reknar SiO at fire til fem tusen studentar vil stå i kø for å få studentbusta. Studentane som ikkje får plass i studentbustad må klara seg sjølv når dei kjem til hovudstaden.

– I ytste konsekvensen kan det føra til at studentar ikkje møter opp til studiestart fordi dei manglar stad å bu. I Trondheim har det rødgrøne byrådet ein mykje meir aktiv studentbustadpolitikk. Der har kommunen inngått eit samarbeidsprosjekt med utdanningsinstitusjonane som garanterar alle studentar mellombels tak over hovudet for 125 kroner natta, seier Reymert.

På prosjektet sine nettsider står det: «Vi garanterer tak over hovudet til alle nye studentar ved NTNU, HIST og DMMH dei første vekene i studieåret. Det er skummelt å flytta til ein ny by, og vi gjer det vi kan for å gjera overgangen så grei som mogleg.»

– Dette er eit kjempekult tiltak som viser at Trondheim bryr seg om studentane. Det burde inspirera Oslo til å få i gang noko liknande, seier Reymert.

Ei kriseskildring
Finansbyråd Kristin Vinje (H) trur ikkje situasjonen for studentbustader i Oslo er så ille.

– Eg kjøper ikkje heilt den kriseskildringa når det gjeld studentbustader. Sjølv om det er vanskeleg å få tak i studentbustad ved studiestart, går det bra for dei fleste. Akkurat no finst det til dømes ledige studentbustader å flytta inn i, seier ho.

Ho meiner byrådet allereie gjer mykje for utbygginga av studentbustader.

– Vi er oppteken av å tilretteleggja for studentbustader gjennom regulering. Vi har ganske mange konkrete prosjekt på gang, i tillegg ser vi på høve blant anna i Hausmannsgate og i Bjørvika.

– Oslo kommune skal vera ein kommune for alle, og vi har eit stort ansvarsområde. Vi må vega alle behov opp mot kvarandre for å sikre optimal fordeling av ressursar til alt frå barnehagar, kollektivtrafikk, eldreomsorg – og studentvelferd, seier Vinje.

Når det gjeld oppfatninga til Reymert om at Oslo bør ha som mål å vinne Ottosen-prisen for innsatsen sin for studentvelferd, er byråden spørjande.

– Ottosen-prisen har eg ikkje høyrt om. Men eg vil jo veldig gjerne at Oslo skal vere ein attraktiv studentby. Vi har ein god dialog med studentorganisasjonane, og vi er opne for deira konkrete innspel til korleis vi kan bli ein endå betre studenthovudstad.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!