Krev studiepoeng for frivilligheit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev studie- poeng for frivilligheit

– Vi er veldig glad for at studentpolitikarane har plukka opp dette forslaget. Eg har sett over resolusjonen frå Studentparlamentet, og det virkar som om dei går sterkt inn for å støtte krava som både vi og andre frivillige samskipnader har foreslått, seier Karl Kristian Kirchoff, leiar for Det norske studentersamfund (DNS).

Det er hovudstyret i DNS som har fremja forslaget om å kompensere frivillige verv med studiepoeng. Håpt er å få på plass eit fag som skal vere mogleg å kombinere ved sida av eit frivillig leiarverv.

No stiller òg Studentparlamentet (SP) seg bak ordninga, etter at Sosialdemokratane fremja saka på tysdagens SP-møte

– Alternativ til løn
– Sosialdemokratane støttar opp om forslaget frå DNS fordi vi ynskjer at leiarar i store samskipnader skal få eit fag som er relevante for dei, seier Mari Helén Varøy, leiar i Sosialdemokratane.

– Dette handlar om at folk hamner bakpå med studieprogresjonen, og ikkje maktar å kombinere studium og verv. Faget kan vere eit alternativ til dagens ordning med økonomisk kompensasjon til studentutvalsleiarar.

Uklart kven som skal med
Saka blir teke opp i læringsmiljøutvalet torsdag 31. mars. Der sit fire representantar frå Universitetet i Oslo (UiO) og fire representantar frå SP. Både Varøy og Kirchoff meiner ein må ta ein grundig diskusjon om kven som skal få høve til å ta faget.

– Vi skal prøve å finne løysingar som gjer dette faget så breitt som i det heile mogleg, slik at alle kan vere med, uavhengig av kva for ein del av campus dei kjem frå. Det bør vere storleiken på samskipnaden, og dessutan kor stort økonomisk og juridisk ansvar ein sit med som skal avgjere kven som får høve til å ta faget, seier Kirchoff.

– I første omgangen ynskjer vi å trekkje inn dei største studentutvala, seier Varøy.

Tidlegast klart i 2012
Det er lite truleg at dagens foreiningslearar vil få noko utbytte av ordninga. Universitetet må avgjere i kva grad eit slikt fag skal opprettast, og det er òg uklart korleis faget skal organiserast.

– Høgst sannsynleg vil ikkje dette vere mogleg å gjennomføre før 2012. Men dette er eit tydeleg ynskje frå dei frivillige samskipnadene, som no òg har fått støtte frå studentpolitikerne. Dersom læringsmijøutvalget røystar for, må UiO innsjå at dette er noko studentane vil ha, seier Kirchoff.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!