Vil lovfesta nynorske lærebøker

SV vil lovfeste rett til nynorske lærebøker for vaksne innvandrarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For å sikra at det finst like mykje opplæringsmateriell å velja mellom på båe målformer, bør opplæringslova krevje at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål til same tid og samepris, meiner Sogn og Fjordane SV. Saka kjem opp på landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti til helga.

Vaksne innvandrarar får oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein elles nyttar nynorsk. Dei nyaste tala syner likevel at berre om lag éin prosent av dei vaksne innvandrarane får norskopplæringa på nynorsk.

Dårleg integrering
– Dette gjev dårlegare integrering. Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialekten derdei bur når dei berre lærer bokmål i norskopplæringa, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i kommunikasjon. Det er ei ekstra utfordring for innvandrarforeldre å hjelpa borna sine med skulearbeid på eit skriftspråk dei sjølve ikkje har lært. Det bur mange med innvandrarbakgrunn både her i Sogn og Fjordane og i andre deler av landet der nynorsk er både skulemål, administrasjonsmål og dominerande i lokalsamfunna, heiter det i uttalen.

Kommunane framhevar at mangelen på gode læremiddel som den viktigaste grunnen til at opplæringa skjer på bokmål.

QUIZ: Klarar du innvandringsquizen vår?

– Vi er mange som har etterlyst eit breiare utval av nynorske læremiddel for vaksne innvandrar, slik at det vert lettare for kommunane å gje undervisning på nynorsk. Det har vore lite utvikling på området, seier fylkeslaget til SV.

Treng konkrete tiltak
NOU-en Mangfold og mestring tek til orde for at det er nyttig og viktig for innvandrarane å få opplæring på nynorsk og der vert det også peika på at desse læremidla bør inn under parallellitetskravet i opplæringslova slik det er for grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Sogn og Fjordane SV meiner det trengst konkrete tiltak. For å sikra at det finst like mykje norskopplæringsmateriell å velja mellom på båe målformer, bør det gå fram av opplæringslova at læremiddel for vaksne innvandrarar skal koma på både nynorsk og bokmål til same tid og samepris.