Raudosten berga

Produksjonen av G-35 held fram ved meieriet Lom, Skjåk og Ørsta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 TINEs konsernstyre vedtok i dag å fortsetje produksjonen av Gudbrandsdalsost ved ysteria i Lom og Skjåk og i Ørsta.

Dermed vil «osten» rulle ut frå ysteriet som før.

TINE ønsker å sikre ei nasjonal merkevare med historisk og tradisjonsrik betydning i sitt opphavlege geografiske område.

– Vedtaket er tufta på ei erkjenning av at gudbrandsdalsosten betyr mykje for TINE si samla merkevare og identitet, seier visekonsernsjef Stein Øiom.

Dei tilsette ved meieriet Lom og Skjåk blir nå orientert om vedtaket.

LES OGSÅ: – La G-35 leve!

– Dette er det største eg har opplevd gjennom 40 år i Tine, sa meieribestyrar Jens Hagen etter at dei tilsette fekk gladmeldinga frå visekonsernsjefen i efta.

Tillitsvald Frode Aurmo kunne fortelja om sterke kjensler da dei vart orienterte om at produksjonen av G35 vil halde fram ved Lom og Skjåk.

– Tårene trilla på vaksne karar, sa han. Nå er eg berre så utruleg glad! Glad for at styret har sett verdien av produktet vårt, sa Aurmo.

– Nå blir det fest, du blir vel med, sa Skjåkordførar Rolv Kristen Øygard og tok ein "kjåkå" av Øiom.  Det skal trommast saman til raudostfest i Marlo grendahus om ikkje altfor lenge.  Også Lomsordførar Simen Bjørgen er glad for avgjerda.

– Eg vil rette ein takk til styret i Tine for at dei har teke den rette avgjerda, og vi skal gjera det vi kan for å marknadsføre raudosten det vi kan, seier han frå Sp-landsmøtet i Hell.

Ein av frontfigurane i La G35 leve!, Arne Brimi, uttrykkjer seg slik:

– Eg er tulle glad. Glad for at vi kan vinne ein kamp oppi her òg. Kampen for identitet og gode produkt.

Korvidt Tine vil utnytte kapasiteten ved Lom og Skjåk enda betre, er det ikkje teke stilling til enno. Uansett skal det framleis bli laga verdas beste raudost på grenseysteriet. 

LES SAKA I FJUKEN!