– La G35 leve!
Leiaren i Stortingets kommunalkomite (SV) var klar i tala under besøket på Tine Lom og Skjåk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi må berre finne oss i omstruktureringar og endringar, men at Tine vil legge ned dette anlegget, strir mot all logikk, sa Holmås mellom anna. Her blir det laga eit produkt som tek vare på eit opphav, ei historie og som er av ypparste kvalitet. Som politikarar kan vi ikkje detaljstyre Tine, sa Holmås, før han la til; men vi kan snakke saman.
Holmås vil ta opp denne saka med landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).
Sentrale politikarar tek ofte turen rundt om i landet når det nærmar seg val.
– Eg vart invitert oppover av aksjonskomiteen. Det er difor eg er her, for at eg tykkjer dette er ei viktig sak og støtte dykk på, sa Holmås. Saman med stortingspolitikaren var òg dei tre Ottadalsordførarane og medlemar av aksjonskomiteen.
Under omvisninga blant grytene på ysteriet, fekk Holmås sjølvsagt smake på den varme primen.
– Dette er rett og slett snop, sa han.